2014 FN-år for familielandbruk

Jose_mediumI desember 2011 vedtok hovudforsamlinga i FN at 2014 skulle vera INTERNATIONAL YEAR OF FAMILY FARMING (IYFF) og gav FAO i oppdrag å organisere markeringa saman med aktuelle samarbeidspartnarar. Jose A. Osaba er leiar for dette FN-året, og han blir å høyre på den store konferansen Mat og landbruk 2014 som blir arrangert 14.-15. januar. Tittel på foredraget hans er «Can family farming feed the world»? Sjå konferanseprogram på «Seterkalenderen».
FN-året har som utgangspunkt det faktum at familielandbruket spelar ein svært viktig rolle i å brødfø ei raskt veksande befolkning og at det også er ei berekraftig driftsform. Likevel er fokus mest på industrilandbruket, som utviklar seg i ei stadig mindre berekraftig lei. – Norsk landbruk er tradisjonelt basert på familielandbruk, «familiebruket», og ein slik struktur er heilt naudsynt om vi i framtida skal å ha eit landbruk som utnyttar utmarks- og fjellbeita slik i første rekkje seterdrifta og sauehaldet gjer. FN-året gir eit svært godt grunnlag for å løfte fram utmarksbeite og seterdrift også i den norske landbrukspolitiske debatten. Og Norsk seterkultur vil følgje opp dette.

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.