Norsk seterkultur markerer FN-året for familielandbruk

 nyseterbrukarSeterdrifta er avhengig av dei små og mellomstore mjølkproduksjonsbruka, det vil seie allsidig drevne familiebruk med mjølkproduksjon på ku og geit. Norsk landbruk har vore – og er familielandbruk, slik FN definerer det.

 

Kvifor er familielandbruk så viktig?, spør FAO, FN-organisasjonen med ansvar for matvaretryggleik og koordinerande organ for ”The International Year of Family Farming” (IYFF)? Og svarar:

–          Familielandbruk og småskala landbruk er uløyseleg knytt til verdas matvaretryggleik.

–          Familielandbruk tek vare på tradisjonelle matvarer, og bidreg samstundes til eit balansert kosthald, tek vare på verdas biodiversitet og sikrar berkraftig bruk av naturressursane.

–          Familielandbruk styrker lokale økonomiar, og ved hjelp av konkret politikk fremjar sosial tryggleik og trivsel i lokalsamfunna.

 For Norsk seterkultur er det både naturleg og viktig å markere dette FN-året. Og NSK har fått 60.000 kroner fra LMD til markering av FN-året. Styret har vedteke at støtta skal gå til konkrete prosjekt og arrangement, samt utarbeiding av materiell som kan brukast av fleire og til ulike arrangement.

Så langt er det klart at det blir markering på Møsstrand i Telemark, med Budeieveven som arrangør. Vidare blir det markering i regi av Snåsa seterlag og det blir arrangement på Glomdalsmuseet. Det blir også arbeidd med eit opplegg i Valdres, og fleire er under planlegging. Styret i NSK oppmodar seterbrukarar enkeltvis og i samarbeid om å få til slike markeringar, og NSK vil utarbeide materiell som kan brukast. Ta kontakt om dette på telefon eller e-post!

I ei tid med kraftige politiske signal om å satse på stordrift og” agroindustri” er det viktig å synleggjera kva verdiar i landet vårt som står på spel. Seterdrifta er det beste norsk landbruk har å by på, og ingen arena er betre eigna til å synleggjera verdien av eit familiebasert landbruk. Og eit mangfaldig og familiebasert landbruk, med seterdrift og utmarksbeiting, er den einaste driftsforma som kan sikre dei store verdiane vi har i kulturlandskapet og det biologiske mangfaldet!

Rapport på Engelsk

Ønskjer du bruke brosjyra vår til markering av FN året kan du laste ho ned her!

Elles; følg med på www.seterkultur og på våre facebooksider når tidspunkt og detaljar om arrangementa er klare!

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.