Mykje spennande kunnskap om utmarksressursane våre

Foto: Berit Hilmen.

Foto: Berit Hilmen.

I det siste har Skog og Landskap presentert ei rekkje publikasjonar av registreringar og forskingsprosjekt vedkomande utmarksressursane.

Vi har registrert m.a. omfattande kartlegging av utmarka i Hedmark og Oppland og om vegetasjon og beite i Oppdal østfjell. Nyttig kunnskap for alle som er opptekne av utmarksressursane og ikkje minst alle som nyttar utmarka i matproduksjonen. Går du inn på www.skogoglandskap.no finn du og omtale av følgjande rapportar.

Om bruk av utmark
Skog og landskap har laget en ny rapport på oppdrag fra Landbruks- og matdepartementet med sikte på å styrke kunnskapsgrunnlaget om eierforhold og bruk av utmark

Feltarbeid ferdig for «Arealrekneskap i utmark»

Etter ti år med kartlegging av vegetasjonstypar er grunnlaget lagt for å lage eit arealrekneskap for utmark for Noreg.

 Den innmarksnære utmarka

Norsk matproduksjon skal aukast. Det kan gjerast ved å intensivere produksjonen på det arealet som er dyrka, eller gjennom nydyrking. Frå utmark kan vi også meir enn doble fôruttaket, men dette forutset nok tilgang på vinterfôr. Den innmarksnære utmarka er ein viktig ressurs som kan avlaste innmarka til produksjon av vinterfôr. Dette er også areal som er viktige for oppleving og biologisk mangfald i bygdelandskapet.

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.