Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Fagsamling og årsmøte 8.-9. april 2016

24. nov 2015

terese buferdProgram og stad for årsmøte 2016 er no klart. Årsmøtet og fagsamling vert på Dombås 8. - 9. april. Den faglege delen fredag 8. april blir eit samarbeid med Norsk Gardsost, og laurdag 9. gjennomfører båe organisasjonane årsmøte. Årsmøta vert haldne etter kvarandre slik at dei som er medlem i båe organisasjonane kan delta på båe. Programmet inneheld tema som verdi-skaping-  matkultur  og marknad.

Foto: Therese Rudi

Så langt er det klart at Andreas Viestad, kjent kokk, forfattar og matkultur-inspirator m.m.,  har sagt ja til å delta med foredrag. Vi er også så heldige at leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag, Merete Furuberg kjem for å prate om korleis stølsdrifta passar inn i norsk landbrukspolitikk. I år er det også lagt opp til meir tid til erfaringsutveksling .mellom deltakarane.

Mer detaljert program kjem etter styremøtebehandling neste veke!

 

Priser for opphaldet på Dombås Hotell, Pr person:

Enkeltrom, fullpensjon ink 2 dagpakker:           1640,- (-500)

Dobbeltrom, fullpensjon ink 2 dagpakker:        1400,- (-500)

Dagpakke pr dag                                                         395,-

Dagpakke + middag 8.4:                                           790,-

Kun middag 8.4:                                                         395,-

Konferanseavgift: Konferansen er gratis. Hotellopphald og dagpakke betalast på førehand Medlemmer av Norsk seterkultur /Norsk gardsost får dekka kr 500,- av overnattingsutgiftane.

Påmelding innen 1 mars til: ks@valdres.no / 99009584.

Vi minner også om at saker til årsmøte må vere inne innan 19. mars (før påske)

 

 

 

cross