Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Å, veit du ei seter?

22. mar 2017

Gjennom prosjektet grønt Spatak har miljørørsla og bonderørsla knytt bånd i over 20 år.

I over 20 år har Grønt Spatak blitt arrangert over heile landet. Prosjektet er eit samarbeid mellom Natur og Ungdom (NU) og Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS). I fleire samanhengar tenkjer ein kanskje at miljørørsla og bønder er veldig uenige, men i gjennom dette prosjektet samlar dei seg rundt felles interesser, mellom anna biologisk mangfald og utnytting av ressursar over heile landet.

Hand i hand
I følgje SABIMA lev så mange som 29 prosent av dei trua artane i Noreg i kulturlandskapet. Artane er avhengig av at det blir beita og slått i området for at dei ikkje skal bli utkonkurrert ved gjengroing. Det skal meir soya til for å produsere mjølk frå norske kuer enn ved å produsere soyamelk, seier Svenn Arne Lie og Espen Løkeland-Stai i si bok En nasjon av Kjøtthuer. Gjennom Grønt Spatak lærer ungdommane om korleis ein kan nytte grasressursar og kvifor det kanskje er meir berekraftig og miljøvenleg enn å frakte soya frå andre sida av verda.

Tvitydig interesse for matproduksjon
Det er eit stort fokus i tradisjonelle og sosiale medier om korleis maten blir produsert. Talet på jordbruksbedrifter er sterkt redusert, og av 213 400 bedrifter i 1949 var det att berre 44 800 i 2012, i følgje SSB. Det er færre og færre som faktisk produserer, og fleire og fleire som bryr seg om korleis maten er produsert. Grønt Spatak knytt interessa for korleis maten er produsert saman med korleis matproduksjonen skjer i praksis.

Utvikling i prosjektet
I fjor sumar var det over hundre påmeldte til Grønt Spatak og i underkant av hundre som deltok. Prosjektet har i år mål om å nå 90 deltakarar. I 2017 blir Grønt Spatak arrangert for 24. år på rad og ungdommer kan igjen arbeide på setrer, garder eller gå beitetilsyn for kost og losji i ti dagar.

Les meir om å vere vert for Grønt Spatak på nettsida: www.spatak.no
eller ta kontakt med koordinator Silje Strøm på epost (spatak@nu.no) eller på telefon (918 56 016)

cross