Fagseminar og årsmøte på Gol

Seterprisen 2018 vart utdelt under Norsk seterkultur sin fagdag på Gol laurdag 10. mars. I grunngjevinga frå juryen, Hans Bondal, Norsk seterkultur, Solveig Linge Stakkestad, Norges Bygdekvinnelag og Nils Asle Dolmseth, Tine, heiter det at dette nettverket har synleggjort stølsdrifta i Hallingdal på ein fin måte.

Gjennom samarbeid og nettverksbygging har dei gjennom mange år vore ein møteplass for vidareutvikling av stølsdrifta. Dei har marknadsført stølsprodukt og opplevingar, som byggjer opp under dei viktige verdiane som fjell-landbruket og stølskulturen representerer.

Juryen ser det som positivt at det også blir satsa på slike samarbeidsnettverk i arbeidet for å ta vare på tradisjonane. Samtidig vil det sikre praktiske og økonomiske rammer både for «volumproduksjon» og mjølkeforedling på stølane, og utvikle ny næringsverksemd tufta på den gamle stølskulturen og formidle denne verdfulle delen av landbruket. Dei levande stølane som nettverket arbeider for er også viktige element for reiseliv og friluftsliv i Hallingdal.

Det er juryens håp at Seterprisen 2018 skal inspirere til vidare innsats for stølslivet i Hallingdal. Hans Bondal, leiar i Norsk seterkultur, delte ut prisen. Fem av medlemane i Budeinettverket var tilstades og tok i mot prisen: Anne Lise Søndrol, Fagerdalen støl, Trine Lilleslåtten, Jacobsplass, Åse Liv Hamarsbøen, Hamarsbøen seter. Kjersti Stenberg, Prestholt geitestøl og Kari Nedremyr, Nedremyrstølen.


Hans Bondal gjenvalgt som leder i NSK

Det var gjenvalg over heile fjøla på årsmøtet i Norsk seterkultur på Gol 11. mars, et signal  om at styret fungerer godt sammen og at vi har å gjøre med en organisasjon prega av stabilitet. Hans Bondal, Sollia, ble gjenvalgt som leder og Siv Beate Eggen, Snåsa, får to nye år i styret. Tori Snerte, Hemsedal, Per Sæther, Gjemnes og Marit Skjelstad,(repr. Landbrukssamvirket/Tine) var ikke på valg. Gjenvalg ble det også av vararepresentanter til styret: Nils Sigurd Drabløs, Sykkylven,  Bjørn Karsten Ulberg, Sigdal og Gro Arneng, Vestre Slidre. Berit Brun og Sigurd Nestande, begge Vågå, ble gjenvalgt som revisorer.


Omtale i Hallingdølen tysdag 13. mars


Inspirerande fagsamling om seterkultur på Gol

Om lag 40 seterbrukarar møtte for å lære og diskutere moglegeiter for seterdrifta i framtida.

Det var både faglege innlegg om beitekvalitet ved Jørgen Todnem, NIBIO, om praktiske problemstillingar som mjølkerobot på stølen ved stølsbrukar Knut Anders Leivoll frå Gol.

Kari Stensgaard frå NIBIO har skreve rapporten ”Hvordan står det egentlig til på setra” og beskriv seterdrifta som i fritt fall.  Etter mange stølsbesøk og mykje dokumentasjon drog ho opp eit lite oppløftande bilete av situasjonen. Fråfall av setrar held fram. Hovudårsaka er avvikling av mjølkeproduksjon, men det er også andre årsaker.  

Verneverdig driftsform
Det er no godt under 1000 støler i drift, og driftsforma kan seiast å ha kome under ei kritisk grense, og landbruket i seg sjølve har ikkje makta å ta vare på denne kulturarven. Det var derfor på sin plass å diskutere om denne driftsforma er verneverdig, og om vi bør søkje UNESCO-status.  Det kan også vere aktuelt å søkje samarbeid med andre land i Europa om dette.

Vegen vidare
Til slutt på fagseminaret var det ein ”workshop” der folk skulle gradere kva som var viktigaste motivasjonen for å ta vare – og vidareutvikle på stølsdrifta.  Det var kanskje litt overraskande at mange prioriterte fellesgoder som kulturlandskap, kunnskap og tradisjon framfor økonomi og matproduksjon

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.