Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Seminar om sauemjølking og saueost

27. aug 2018

Norsk Ostefestival på Beitostølen laurdag 1. september
kl. 10.00-14.00 på Bergo hotell, inkludert servering av lunsj.

Pascale Baudonnel: Kva skal til for å lykkast med sauemjølking og ysting av sauemjølk?

Pascale Baudonnel har spela ei avgjerande rolle for å ta opp att ysting på gardar og stølar i Norge. Ho har vore med på å skape organisasjonen Norsk Gardsost. Ho har kjempa gjennom moglegheita til å lage ost av upasturisert mjølk. Ho er kurslærar på dei viktige ystekursa på Sogn Jord- og Hagebruksskule og spesialrådgivar i Norsk Gardsost.

 

 

Helge Gudheim: Norske tradisjonar med sauemjølking. Kva kan vi lære frå andre land i Europa?

Helge Gudheim er journalist. Han har skrive boka «Ysting i Valdres» der han har samla svært mykje tradisjonsstoff om ysting i tidlegare tider. Han har vore på ei rekkje studieturar og held kurs om gamle ysteteknikkar.

 

 

 

 

Leif Jarle Asheim: Marknaden for saueostar. Korleis lykkast med økonomien?

Leif Jarle Asheim er forskar i NIBIO. Han arbeider med å sjå på økonomien i ulike landbruksproduksjonar, og har vore med på å førebu eit prosjekt om marknaden for matspesialitetar.

 

 

 

 

Drøfting av erfaringar. Kva meiner seminardeltakarane at skal til for å få meir sauemjølking og saueost-produksjon i Norge?

Deltakaravgift kr 250 blir fakturert i etterkant av seminaret.
For påmelding og meir informasjon, magnhild.strand@nlr.no eller tlf. 93452532.

Seminaret er støtta med BU-midlar frå Fylkesmannen i Oppland.

Velkommen!

cross