Stølsbrukar til topps i World Cheese Awards!

Heilfeit brun geitost frå Telemark nummer to i World Cheese Awards!

3472 ostar frå heile verda kjempa om heider, ære, medaljar og titlar under ”Oste-VM” i Bergen, og blant alle desse oppnådde den ekte brune geitosten frå Stordalen gardsbruk i Tinn i Telemark andreplassen!

 Best i tevlinga vart ein lokal ost, ein lagra gouda frå Ostegården i Fana. Gratulasjonar til dei båe, men sjølvsagt særleg til Barbro Stordalen – og hennar ”team”, sidan dei også er stølsbrukarar.

Stordalen gardsbruk består av to driftseiningar, garden Tollefsjord i Tinn Austbygd  og Bergstaulen ved Rjukan. Drifta er allsidig, med hovudvekt på geit og telemarkskyr, og dyra er på Bergstaulen frå om lag til 10. juni til 25. september – og der er det muleg å få smake og kjøpe dei gode produkta deira kvar dag gjennom sommaren. – Vi kjenner Barbro Stordalen som ein av dei verkelege pionerane i den fantastiske utviklinga i gards- og stølsysting, også gjennom tillitsverv i både Norsk Gardsost og Norsk seterkultur.

 

Medaljedryss over norsk ost!

Heile 58 norske produsentar var representert på ”Oste-VM” i Bergen, og mange ostar oppnådde medalje. Blant desse finn vi også fleire stølsostar.

Super Gold

Fanaost, Ostegården

Geitost fra Bo Jensen med aske, Bo Jensen, Aurenes

Sprø Nordlending, Den Sorte Gryte

Helfeit, Brun Geitost. Tinntradisjon, Stordalen Gardsbruk

Gammel Erik, Gammel Erik AS

Munkeby, Munkeby Mariakloster

Thorbjørnrud Raclette, Thorbjørnrud Hotell AS

Sæterost Brimi 2015, Brimi Gard & Seter AS

Gull

Snøball, Bo Jensen, Aurenes

Brun Geitost, Den Sorte Gryte

Kvit Undredal Eldgamal, Undredal Stølsysteri SA

Leirgrøv, Prestholt Geitost

Myrdal Kvit Geitost med Trøffel, Myrdal Gard

Ung Grotteost, Hitra Gårdsmat

Grotteost, Hitra Gårdsmat

Ekstra Lagret Grotteost, Hitra Gårdsmat

Rosalita, Tjamsland Gård Ysteri

Skjenald, Orkladal ysteri

Råblå, Grindal Ysteri

Myrdal Fjellost, Myrdal gard

Valdresost Bufar vellagret 12 måneder, Valdresmeieriet AS

Nidelven blå, Gangstad Gårdsysteri AS

Sølv

Lille Aske, Bo Jensen, Aurenes

Geiteberget, Himmelspannet AS

Leirgrøv Stølsost, Prestholt Geitost

Lega Bronost, Lega

Ekte geitost fra Skurdalen, Jakobsplass

Mutschli, Eiker Gårdsysteri

Kronblom 2017, Prestholt Geitost

Kvit Kyrost frå Strandmo Stølsysteri aged 27 month, Strandmo

Rødlin, Tjamsland Gård Ysteri

Vellagra Fjelldronning, Avdem Gardsysteri AS

Bufast, Avdem Gardsysteri AS

Søster Cecilia, Orkladal ysteri

Holefjell XO, Eiker Gårdsysteri as

Nýr, Grøndalen gård

Fryd Brie pepper, Tine SA

Nidelven blå, Gangstad Gårdsysteri

Blå Ku, Thorbjørnrud Hotell AS

Skogshorn, Himmelspannet AS

Kraftkar, Tingvollost AS

Bronse

Kubbeost, Rueslåtten Ysteri

Noahs favoritt, Bo Jensen, Aurenes

Pyramiden, Bo Jensen, Aurenes

Pyramiden med aske, Bo Jensen, Aurenes

Geitost fra Bo Jensen med strå, Bo Jensen, Aurenes

Presten, Prestholt Geitost

Myrull, Grindal Ysteri

Glømt Beiarværing, Beiarmat AS

Rød Geit, Rueslåtten Ysteri

Steinfjording Havsmak, Lofoten gardsysteri

Ekte geitost, Tine SA

Fjelldronning, Avdem Gardsysteri AS

Kronblom 2016, Prestholt Geitost

Kvitost, Prestholt Geitost

Kvit Kyrost frå Stradmo Stølsysteri aged 15 month, Strandmo

Østavind, Tine SA

Høvding Sverre XO, Orkladal ysteri

Gangstad Camembert, Gangstad Gårdsysteri

Åskeladd, Grindal Ysteri

Trøgost, Gurostølen

Golvertind, Strandli Gård

Solglad, Himmelspannet AS

Mild Mester, Tingvollost AS

Sæterost Brimi 2017, Brimi Gard & Seter AS

Soleglad, Skarbø gardsmeieri

Vismann, Tingvollost AS

Norsk Alpeost fra Elnesvågen, Tine SA

Huldreost, Avdem Gardsysteri AS

Pultost frå Strandmo Stølsysteri, Strandmo

Gamalost frå Vik, Tine SA

Valdresost Bukono, Valdresmeieriet AS

Valdresost Helin, Valdresmeieriet AS

Pultost fra Løiten, Tine SA

 

 

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.