Undredal Stølsysteri fekk Seterprisen 2019

Seterprisen 2019 vart delt ut i samband med omvising på Undredal Stølsysteri. Representantar for dei tre samarbeidande gardsbruka, med dagleg leiar Anna Karine Marstein i spissen, tok i mot prisen.

Seterprisen 2019 vart laurdag 6. april tildelt Undredal Stølsysteri i Aurland. Miljøet i Undredal, som står bak stølsysteriet, har vore pionerar i den ”osterevolusjonen” vi har opplevd dei seinare åra. Med utgangspunkt i ubroten stølstradisjon med foredeling av geitemjølka i bygda har dei skapt prisløna produkt, gjeve ny kveik i bygda og vore ein viktig inspirator for stølsbrukarar og mange andre rundt om i landet. Det var og miljøet i Undredal som dro i gang arbeidet som førte til skipinga av Norsk Gardsost, og som sto i spissen for organisasjonen sitt arbeid i mange år. 

Seterprisen 2019 vart delt ut under Norsk seterkultur sitt 20-årsjubileum som var lagt til Aurland. Juryen for Seterprisen er Hans Bondal, Norsk seterkultur, Solveig Linge Stakkestad, Norges Bygdekvinnelag og Nils Asle Dolmseth, Tine.

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.