Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Seterkultur får støtte til UNESCO-arbeid

22. mai 2019
Foto: Synnøve Landerud

Norsk seterkultur har fått kr 150 000,- frå Oppland fylkeskommune og kr 50 000,- frå Fylkesmannen i Innlandet til eit forprosjekt for å få seterkulturen innskriven på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Prosjektet legg opp til eit svensk-norsk samarbeid. Norsk seterkultur har dei siste par åra vore gjennom eit forstudium for å etablere prosjektet

Kring 1940 var det om ag 40000 støler  i drift. No er det godt under 900 att. Vi står i fare for å miste denne tradisjonen om vi ikkje tek særlege omsyn. Med tap av stølsbrukarar forsvinn mykje kunnskap om mellom anna  mjølkestell, handverk, naturbruk, lokking, song og historiefortelling. Det er denne delen av stølsdrifta vi no vil dokumentere og freiste få inn på lista. Arbeidet legg opp til eit svensk-norsk samarbeid då det er mange likskaper i seterkulturen i desse to landa. De svenske kollegaene i Svensk Fæbodkultur har på si side vore i dialog med Riksantikvaren der.

I arbeidet må vi kartlegge status for setermiljøet og stølsbrukarar og knytte oss til fagmiljø, seier sekretær i Norsk seterkultur Katharina Sparstad. Det er mange som har sett fokus på seterdrifta dei seinare åra, og vi vil ha god nytte av arbeid som allereie er gjort.  Det er ein lang og omfattande prosess for å søke inskripsjon på verdsarvslista, og vi reknar med å bruke minst eit par år på sjølve søknaden, seier Sparstad.

Til søknaden skal det også utarbeidast ein dokumentasjonsfilm, og forprosjektet skal manuset produserast.

I Valdres har vi eit sterkt miljø på stølsdrift, både med brukarar og med Valdresmusea. På museet er også Norsk institutt for bunad og folkedrakt som er akkrediterte rådgjevar for UNESCO-søknader. Dette vil vi nytte godt av, og vi vil derfor freiste å legge arbeidet til Valdres, avslutter Sparstad.

Tilskottet i forprosjektet skal gå til:

  • Kartlegge setermiljø i Noreg og Sverige
  • Etablere arbeidsstruktur for hovudprosjektet
  • Knyte seg til relevante miljø
  • Utarbeide arbeidsplan
  • Utarbeide manus for dokumentasjonsfilm

Les også: Ynskjer Unesco-status for seterdrift

cross