Prosjektleiar på plass til UNESCO-arbeid

Prosjektleiar i UNESCO-arbeidet for Norsk seterkultur

Norsk seterkultur har no fått på plass ei prosjektleiar for arbeidet for ei inskripsjon av seterkulturen i UNESCO. Anne-Katrine Brun Norbye leiar no forprosjektet som skal knyte til seg samarbeidspartar og få fundamentet for det vidare arbeidet på plass.

Vi er svært nøgd med å ha Anne-Katrine på plass i forprosjektet. Ho er svært kvalifisert til arbeidet og har lang erfaring med prosjektarbeid, seier sekretær i Norsk seterkultur Katharina Sparstad.

Anne-Katrine har doktorgrad i sosialantropologi og har arbeida med fleire prosjekt knytt til seterdrift. Sjølve doktorgraden tok for seg stølslivet i Hallingdal. Seinare har ho arbeida med biologisk mangfald knytt til seterdrift i Trøndelag og Europeisk jordbrukspolitikk.

Det passa seg svær bra med at ho nettopp hadde avslutta eit oppdrag i Norsk antropologisk foreining.

I forprosjektet skal ho mellom anna kartlegge setermiljø i Noreg og Sverige, knyte seg til relevante fag- og politiske miljø, etablere arbeidsstruktur og søkje midlar for hovudprosjektet. Dette er ein lang veg å gå. Vi reknar med å avslutte forprosjektet på nyåret, avsluttar Sparstad. Sjølve hovudprosjektet regner vi med vil vare i to-tre år. Inntil vidare er ho lokalisert i lokala hos Valdres Natur og Kulturpark på Fagernes.

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.