Ei forteljing for born: Musikk og magi på setra med Huldra Hildur

Aslak Brimi er ein musikar som liker å utforske nye formidlingsvegar. Nå i oktober er han klar for lansering av eit heilt nytt prosjekt som bruker fleire kulturflater: Den varme og sjarmerande forteljinga om huldra Hildur, både som bok, lydbok og barneplate. Dette er eit originalt prosjekt der han – etter den kritikarroste utgjevinga «Bergtatt» frå 2019 – igjen samarbeider med songaren Mari Midtli. Prisvinnande Brimi og Midtli er begge kjente for si engasjerte og trygge formidling av folkemusikk og -song. I dette nye og spennande prosjektet syng og spelar dei for barn og unge, og formidler glede over fjellet og seterkultur.

Brimi har her gått heilt nye vegar og skrive både bok og musikk med inspirasjon frå fjellet, seterliv og hyljarliv. Det er ei varm lita forteljing om møtet mellom den vesle jenta Kari og den litt mystiske Hildur. Det blir magi og musikk på setra! Den fengslande vokalen til Mari Midtli tek oss med inn i det eventyret ein sommar på setra kan vere. I september kom fyrst prologen i boka som ein singel, visa «Kom til fjells», og nå den 16.oktober kjem boka, heile albumet, og lydbok med musikk.

«Kven er du?» spør Kari den framande jenta. «Eg er Hildur». Dette møtet ved den store steinen nedpå åkeren på Tuve-setra, er starten på eit varmt og leikande venskap. Vi får møte Kari sin pappa, og den gode og beskjedne bestefaren. Og ikkje minst den litt mystiske og snille katten Ilva.

– Prosjektet mitt om Huldra Hildur starta med ein tanke om ei barneforestilling, og har utvikla seg til å bli både bok, lydbok med musikk, og som eiga barneplate. Inspirasjonen kjem frå setra og fjellet. Dette er noko eg har fantastiske minner frå som barn. Eg var med tante Astrid og sjefbudeia sjølv, Embjørg, på Brimi-setra mange somrar da eg var liten. Vi var vel ikkje veldig nyttige i fjøset, men vi barna hadde det utruleg moro. Landskapet var naturlege leikeplassar, men lyngheiar og grasbakkar, bekkar og store klatresteinar, seier Aslak Brimi.

Musikken er spelt inn på Gammel-Kleppe i Vågå, ein gard som ga særleg gode omgjevnader og inspirasjon til ei innspeling med musikk om setra og naturen. Ilag med Midtli og Brimi har dei med Mads Erik Odde på trekkspel, Pål Svindland på bass, fløyte og saksofon, og Espen Wensaas på cittern, gitar og fløyte. Eit fantastisk kobbel med dyktige musikarar som kler historia om Hildur.

Historia om Hildur og byjenta Kari vart ei lita bok skrive på nynorsk. Dei vakre illustrasjonane er det Agnetha Berg som står for. På CDen som følger med boka er historia lest inn som lydbok av ein av dei store underhaldarane i dalen, Even Lusæter. I dette prosjektet får Lusæter verkeleg spelt på alle sine kvalitetar som verbal formidlar.

Mari Midtli har eit stort reportoar av tradisjonell vokal folkemusikk frå Nord-Gudbrandsdalen, og mykje av musikken er om fjell og seterliv.

– Setermusikk og lokking er noko heilt spesielt. Det er natur og musikk integrert. På same måte er det med historia om huldra Hildur. Aslak har fått til å skildre natur, musikk og magi i den vesle historia si. Vi trur at både boka og musikken vil fenge og bergta både unge og gamle, seier Mari Midtli.

Musikarane har bakgrunn frå bygder med sterke folkemusikktradisjonar. Fleire driv med undervisning av musikk, og Midtli har over fleire år hatt songgrupper i Norddalen der stubbar og lokal vokal folkemusikk har vore hovudingrediensen. I Lom har det over nokre år vorte fleire songgrupper, og ei som har vorte ganske fast er songruppa «Fjelltite».

– Å få med desse fantastisk dyktige og ivrige unge songarane gjer musikken enda meir fargerik. Det er jo ei barneplate, og mange av songane er laga for samsong med leik og moro. Og eg vonar verkeleg den gleda og entusiasmen som desse jentene har i songen sin kan smitte over på lyttarane, seier ein engasjert og stolt Aslak Brimi.

Forfattar og komponist Aslak Brimi

«Huldra Hildur» er meint å engasjere barn på tvers av kulturflatene der forteljinga vert fortalt både som fysisk bok med varme teikningar, som lydbok der det verbale er kontekstuert med all den fine musikken, og ei rein barneplate der musikken er samla på ein stad. Alt vert slept fredag den 16.oktober 2020. Musikkalbumet og lydboka vert lansert på alle straumetenester. Særleg anbefalt song for lytting er «Eg heiter Huldra Hildur» og «Lyngen syng».

Både bok og musikk vert gjeve ut av ta:lik records.

Vil bestille ei bok gjøres det via platekompaniet.no (https://platekompaniet.no/bok/huldra-hildur/) eller på www.aslakbrimi.no/kjop

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.