Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Meir støtte til arbeidet for seterkulturen på UNESCO si liste for immateriell kulturarv

2. jun 2021

Den 18. mai fekk Norsk seterkultur tilsagn om meir penger til UNESCO-arbeidet. Denne gongen var det frå Landbruksdirektoratet, og løyvet var på kr 1 millionar kroner! Rett før årsskiftet kr 700000,- frå Innlandet fylkeskommune til arbeid og aktiviteter for å få seterkulturen innskreven på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. 18.

Norsk Seterkultur starta arbeide med ei listeføring av seterkulturen etter årsmøtevedtak i 2018. Sidan då har det vore gjennom både utgreiingsfase og forprosjekt, og er no godt i gang med hovudprosjektet. Forprosjektet vart også støtta av Valdres Natur- og Kulturpark, Innlandet Fylkeskommune, Øystre Slidre kommune og Fylkesmannen i Oppland (i 2019). Forprosjekt var viktig for å forankre arbeidet og definere vidare arbeid.

Det har er sendt fleire søknader, og ikkje alle har gjeve tilsegn. Det er derfor særs gledeleg at Landbruksdirektoratet vel å støtte arbeidet. Dette er samstundes ein aksept for at arbeidet er relevant for landbruket. Denne aksepten er viktig for oss, seier dagleg leiar Katharina Sparstad. På same måte var det viktig at Fylkestinget i Innlandet, som landets største seterfylke, valde å støtte prosjektet  med kr 700000,-. Andre fylker som har gitt støtte til arbeidet er Vestfold og Telemark fylkeskommune og Fylkesmannen i Trøndelag som begge har bidrege med kr 200000,-.

I arbeidet skal setre besøkast og stølslivet skal dokumenterast i tekst, bilete og film. Status i skrivande stund er vi freistar å få ein felles UNESCO-søknad med Sverige. I Noreg har vi om lag 900 setrar i drift, medan situasjonen er Sverige er mykje dårlegare med knapt hundre igjen. Sjølv om situasjonen for landbruk og seterdrift no har ulike politiske føresetnader, er vi ein del av en felles, nordisk Seterkultur. Felles har vi at dette tradisjonelt har vær dominert i kvinner, i motsetnad til seterkulturen til dømes kring Alpane. Det er derfor naturlig at samlar oss om denne, uavhengig av landegrensene. Vi vil også sjå nærmare på andre, moglege samarbeidsland andre stader Europa» seier Sparstad

Arbeidet er viktig, og mange har gitt utrykk for dei støtter arbeidet.  Dette gjeld andre faglaga i landbruket, andre organisasjonar, institusjonar og ressurspersonar. Vi trur at dersom vi skulle vere så heldige å få ein slik status vil dette vere  ein viktig stadfesting om at seterkulturen er viktig for samheldet. Det vil også vere eit godt argument for forvaltninga og andre interesser for å prioritere seterdrifta i framtida. Dersom vi ikkje oppnår statusen vil aktivitetane  knytt til arbeidet vere ein positiv vitalisering av seterkulturen.

Dette er eit stort og omfattande arbeid som vi ser fram til å drive vidare. I fyrste omgang vil vi utvikle samarbeidet med Sverige og har no saman søkt støtte frå Erasmus+ for samarbeidstiltak.

Det er ein lang og omfattande prosess for å søke inskripsjon på verdsarvslista, og arbeidet har arbeidst frist 2024. Arbeidet i hovudprosjektet blir leia av Rådhuset Vingelen.

Meir informasjon finn du på seterkultur.no/UNESCO

cross