Norsk Mat og Kulturpris til seterbrukarar i Sollia i Hedmark

Geitbøndene, seterbrukarane og kulturformidlarane Ellen Marie Tangen og Hans Bondal frå Sollia i Hedmark er tildelt Norsk Mat- og Kulturpris! Prisen på 100.000 kroner vart delt ut under den store festivalen Matstreif i Oslo sist laurdag. Prisen er etablert av Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Yara, og vart no delt ut for første gong. Tangen og Bondal driv to småbruk med i alt 110 geit. Om sommaren er geitene på setra, der dei og har starta seterkafe som byr på både mat og musikk. – Dei satsar verkeleg på setra, der dei no byggjer nytt fjøs og ystehus. Vi gratulerer Ellen Marie og Hans med prisen og ynskjer lukke til vidare med utviklinga av setra!

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.