Svensk-norsk setersamling med stort engasjement!

IMG_4562Eit femtital seterbrukarar og seterinteresserte møttest til fagsamling på Røros helga 9.-10. 11. Ei rekkje viktige tema var oppe gjennom foredrag og diskusjonar. Første dagen var beitebruk, kulturlandskap, biologisk mangfald og rovdyr i fokus. Andre dagen sto seterdrift og turisme på dagsorden.

Sidan samlinga var på Røros var det naturleg at det vart fokusert på samarbeidsnettverket Seterlandet Nord-østerdalen og Rørosområdet – som har nettstedet www.seterlandet.com. Ved sida av Valdres er dette området i dag eit tyngdepunkt i norsk seterdrift, mangfaldig og svært viktig seterområde, med stort potensial både for matproduksjon og reiseliv. Særleg dei svenske deltakarane fokuserte på rovdyrproblem, og dette er i ferd med å øydeleggje mulegheitene for det svenske fäbodbruket. Spørsmålet om ektheit og kvalitet skapte også stort engasjement i forsamlinga. I Sverige har elles begrepet ”fäbodifiering” dukka opp, dvs at ymse komersielle aktørar utanfor landbruket sikrar seg rettane til å bruke ord som har med fäbod og seterkulturen å gjera! -Fagsamlinga var eit steg i utviklinga av eit tettare samarbeid mellom seterbrukarar i dei to nabolanda.

Då økonomi er avgjerande for dei fleste, var dag to via tillegsnæringar. Per Øyvind Voie frå Innovasjon Noreg tok for seg marknaden for stølsprodukt. Han viste mellom anna til ei aukande interesse for lokal mat og genuine produkt frå fjellområde. Han understreka også kor viktig det er å kjenne til marknaden før ein set i gang.

Produktutviklar Torill Bye Wilhelmsen frå produktutviklingsfirmaet «Fjellflyt» tok oss med på ei spanande reise frå idè til suksè. Ho har arbeida med med bedrifta Kalven seter i Vågå, og synte oss korleis kreative prosesser kan gje resultat.

Dag to vart også nytat til å bli kjend med prosjektet Folk til seters. Dette er eit initiativ få HANEN og seternettverket Seterlandet som saman med Norsk seterkultur arbeidar for å etablere ei felles, nasjonal nettside for alle interesserde seterbedrifter.

IMG_4564

Vi vil presentere meir informasjon frå fagsamlinga i Seterbrukaren og på www.seterkultur.no.

Inlegga som vart presentert på samlinga finn du her:

A Eggen Presentasjon NorskSeterkultur_101113

seminar_Røros_Bioforsk Bolette Bele

Marie Röros

High Nature Value Farming-

Rovdyrprosjektet Sau og geit Øivind Løken

Vargull Röros 20131109

Forsikringer Seterbruk, 2013 Røros

Innovasjon Norge Per Øyvind Voie

Seterturisme fra storytelling til salg Torill Bye Wilhelmsen

Folk til seters nettverksprosjekt Ole Sylte Heggset

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.