Vedtekter for Norsk seterkultur (vedteke 07.04.2013)

§1Føremål

ForeiningaNorsk seterkultur, stifta 20.mars 1999, er ein interesseorganisa sjon for aktive seterbrukarar og andre med interesse for norsk seterkultur.

– Interesseorganisasjonen sitt føremål er å ta vare på seterkulturen i eit langsiktig perspektiv gjennom aktiv bruk av setrane i tråd med lokal kunnskap frå fortid og samt id.

– Med seterkultur forstår organisasjonen både natur, kultur og næring knyt t til utmarksområda som er og har blitt nytta til seterdrifta.

– Interesseorganisasjonen skal fremja interessa for seterkultur overfor offentlege styresmakter og samfunnet generelt.

§2Oppgåver

Organisasjonen si oppgåve er å:

• Marknadsføre setra som ein positiv del av norsk jordbruk.
• Arbeide for å styrke medlemmene sin kompetanse.
• Synleggjere kvinna si rolle innanfor seterkulturen.
• Aktivt påverke det offentlege rammeverket knytt til næringsdrift på setra.
• Medverke til samarbeid om sal og marknadsføring av produkt/tenester frå setra.
• Støtte opp om rekruttering.
• Gje ut medlemsbladet Seterbrukaren og drive andre for og informasjonsarbeid.
er for kunnskapsformidling

§3Organisasjon

– 3.1 Norsk seterkultur sine organ er:

• Årsmøtet
• Styret

– 3.2 Regionale lag kan opprettast dersom medlemmene i eit fylke eller ein region ynskjer det.

§4Medlemskap

– 4.1 Norsk seterkultur har desse formene for medlemskap:

• Aktiv seterbrukar
• Støttemedlem
• Institusjon / organisasjon

– 4.2 Alle medlemmer har direkte medlemskap i Norsk seterkultur. For aktive seterbrukarar: ein kontingent pr. bruk, og kvart bruk kan ha inntil to medlemmer. Er det to medlemmer skal begge namna registrerast. Alle medlemmer har like rettigheter.

– 4.3 Medlemskap gjeld til det blir sagt opp skriftleg, men med manglande innbetalt kontingent vert medlemskapet sletta det påfølgjande året.

– 4.4. Eksklusjon. Styret kan med minst 2/3 fleirtal ekskludere ein medlem som arbeider i strid med organisasjonens lover og vedtak. Før vedtaket blir fatta, skal medlemmet få høve til å uttale seg. Medlemmet kan anke vedtaket inn for ekstraordinært årsmøte, eller første ordinære
årsmøte.

§5Årsmøtet

– 5.1 Årsmøtet er Norsk seterkultur sitt høgaste organ.
– 5.2 Ordinært årsmøte blir halde kvart kalenderår innan utgangen av mai.
– 5.3. Kunngjering atidspunkog stad foårsmøtet skal gjerast kjent fomedlemmanminst veker før. Samtidig skal også tidsfrist forinnsending av saker for behandling på årsmøtet kunngjerast. Innkalling med sakliste skal gjerast kjent gjennowww.seterkultur.no og Seterbrukaren seinasveker før årsmøtet. Årsmelding, reviderrekneskaog øvrige saksdokument skal liggje føreminst 1 veke føårstet, slik at medlemankan be om å få dei tilsendt før årsmøtet (e-posteller post).

5.4 Årsmøtet er lovleg sett når innkalling er sendt i samsvar med desse vedtektene, og innkallinga er godkjent av årsmøtet.

– 5.5 Medlemmar som har betalt medlemskontingent har stemmerett.

– 5.6 Representanten(e) for regionlag har ikkje andre rettigheiter i årsmøtet enn andre medlemmer.

– 5.7 Styret sine medlemmer og varamedlemmer har stemmerett i alle saker unntatt årsmelding og rekneskap.

– 5.8 Årsmøtet skal handsame:

• Konstituering
• Innkalling
• Sakliste
• Årsmelding
• Reknskap
• Budsjett
• Kontingent
• Attendebetaling av kontingent til regionlag
• Verksemdsplan
• Val av styre og leiar blant styremedlemmene, vararepresentantar, dei siste i prioritert rekkjefølgje, revisor og valkomitè.
• Vedtekter / vedtektsendringar
• Honorar/ godtgjering for tillitsvalde
• Andre saker nemnt i innkallinga
• Uttalerett for andre enn medlemmar
• Styret har rett til å leggje fram saker som ikkje står i saklista. Dette gjeld ikkje endringar i vedtektene for organisasjonen.
• Årsmøtet uttalar seg om stad for neste årsmøte.

 

– 5.9 Valkomiteen som vert vald for tre år, skal ha 3-tre-medlemmar. Den skal fremja forslag til styremedlemmer og leiar, varamedlemmer, revisor og eventuelle andre val overfor det neste ordinære årsmøte. Valkomiteen kan også kome med forslag til honorar/godtgjering for tillitsvalde. Valkomiteen har ansvar for å leggje til rette for eit vel fungerande styre. Medlemmene kan nominere kandidatar overfor komiteen innan 1.mars.Valkomiteen si innstilling skal liggje føre seinast 1 veke før årsmøtet.

– 5.10 Alle medlemmer kan veljast til organisasjonen sine organ.

– 5.11 Alle val og avstemmingar, unntatt vedtektsendringar som krev 2/3 flleirtal (§8) vert avgjort med simpelt fleirtal. Ved likt stemmetal fell forslaget. Avstemmin gsmåten blir regulert i konstituering av årsmøte.

– 5.12 Styret kan innkalle til ekstraordinært årsmøte dersom det finn grunn til det, eller når minst 1/5 av medlemmer med stemmerett krev det. Ekstraordinært årsmøte handsamar berre saka / sakene som er grunnlaget for møtet.

 

§6Styret

– 6.1 Styret for Norsk seterkultur er samansett av 1-ein leiar og 4-fire styremedlemer, 3 blir valt av årsmøtet blant medlemmene. Det fjerde styremedlemmet, med vararepresentant, blir valt av årsmøtet etter innstilling frå Norsk Landbrukssamvirke. I tillegg blir det valt 3-tre varamedlemmer i prioritert rekkjefølgje. Ved val av styre bør ein leggje opp til ei brei fagleg og geografisk fordeling blant medlemmene.

– 6.2 Leiar blir valt for eitt år om gongen. Val av leiar skal vera skriftleg. Sttyremedlemmer blir valt for to år om gongen. Varamedlemmer er på val kvart år. Styret konstituerer seg sjølv med val av nestleiar.

– 6.3 Styret leier organisasjonen si verksemd og gjer vedtak i saker som ikkje er lagt til årsmøtet eller som dette har delegert til andre organ.

– 6.4 Styret er besluttningsdyktig når innkalling har funne stad og leiar eller nestleiar og minst 2-to styremedlemer er til stades.

– 6.5 Styremøte blir halde så ofte leiar finn det naudsynt eller når minst 2-to styremedlemer ber om det.

– 6.6 Styret er ansvarleg for drift av organisasjonen sin administrasjon, tilsett arbeidstakarar og fastsett lønn- og arbeidsforhold for tilsette.

§7Kontingent

Medlemskontingenten i Norsk seterkultur blir fastsett av årsmøtet.

§8Vedtektsendring

– 8.1 Framlegg om vedtektsendring skal sendast styret innan 1.marsogskalsaman medstyret sin uttale liggje føresamanmedøvrige årsmøtedokument.

– 8.2 Vedtektsendring krev 2/3 fleirtal av avgitte stemmer på eit ordinært årsmøte eller simpelt

fleirtal på to ordinære årsmøter etter kvarandre.

– 8.3 Vedtekne vedtektsendringar blir gjort gjeldande frå det tidspunktet årsmøtet er avslutta, dersom ikkje noko anna er fastsett i vedtaket.

§9Tvist

• Tvistar blir løyst ved valdgift
• Kvar av partane vel ein representant, desse vel i fellesskap den tredje

§10Oppløysing

Norsk seterkultur kan oppløysast på bakgrunn av innsendt forslag om vedtektsendring og handsamast etter same fristar som for vedtektsendring (§8). Organisasjonen blir oppløyst viss 2/3 av dei frammøtte med stemmerett stemmer for på to påfølgjande ordinært årsmøte.

Ved oppløysing skal organisasjonen sine resterende midlar når gjeld er betalt, overførast til eit fond som skal fremje seterkulturen i Noreg.

Oppløysingsmøte fastsett statuttar for dette fondet. Arkivet etter Norsk seterkultur blir levert Riksarkivet si avdeling for privatarkiv.