Arbeidet med Unesco-søknaden i gang for fullt

Første møte i arbeidsgruppa for Unesco-søknad. Frå.v. Katharina Sparstad, Siv Beate Eggen, Hans Bondal, på bordenden Håkan Tunon via Skype, Anne-Katrine Nordby og Knut Ola Storbråten. Foto: Jostein Sande.

Norsk seterkultur samla nyleg arbeidsgruppa for Unesco-søknaden til første møte på Beitostølen. Anne-Katrine Nordby er tilsett som prosjektleiar, og målet er at forprosjektet skal vera ferdig til 1.1.20. Prosjektet har fått støtte både frå Fylkesmannen i Innlandet og Øystre Slidre kommune. Eit viktig bidrag har også vore frå Valdres Natur- og Kulturpark i form av gratis arbeidstimar i prosjektleiing og oppfølging. I det vidare arbeidet blir det sjølvsagt viktig å sikre økonomien for det komande hovudprosjektet som ein håpar og trur skal munne ut i ein søknad til Unesco, underskreven av regjeringa ved kulturministeren.

Les meir
Lagt inn i Nyheiter | Kommentarar avslått på Arbeidet med Unesco-søknaden i gang for fullt

Opprop for skjerming av seterkulturen ved kutt i mjølkekvotar

Når norske mjølkebøndar no må redusere mjølkekvotene, ber vi om at seterbrukarar skjermast. Seterdrifta er kraftig redusert dei seinare åra, og er svært sårbar for tiltak som kan svekke drifta. Når seterdrifta forvinn, mister vi ein mange hundre år (kankje tusen) gamal haustingskultur.

Norsk seterkultur er ein landsdekkande  interesseorganisasjon som arbeider for å take vare på stølskulturen Noreg. Vi arrangerer mellom anna fagsamlingar, gir faglege og politiske innspel, deltek i utval og drifter ein nettbasert seterrettleiar. Organisasjonen har eksistert i 20 år, og vi ser med stor uro på det dramatiske fråfallet av stølsbrukarar.  I 2018 var talet under 900, og stølskulturen er no definert som utrydningstruga (https://www.immateriellkulturarv.no/bidrag/setring-i-noreg/).

Les meir
Lagt inn i Nyheiter | Kommentarar avslått på Opprop for skjerming av seterkulturen ved kutt i mjølkekvotar

NM i Ost 2019

Påmeldingsfrist: 20. juli

Les meir

Lagt inn i Nyheiter | Kommentarar avslått på NM i Ost 2019

Seterbrukar nr 2 – 2019

Ny utgåve av Seterbrukaren er snart ute hjå medlemar og tingarar. Denne gongen 16 sider med bl.a. seterreportasjar, aktuelle synspunkt om situasjonen for seterdrifta, faglege innspel om nybygg og oppgradering av seteranlegg, informasjon om arbeidet for Unesco-status og glimt frå fagdag, 20-årsjubileum og årsmøte i Aurland.

Lagt inn i Nyheiter | Kommentarar avslått på Seterbrukar nr 2 – 2019

Bygdeutviklingsprogrammet for Innlandet presentert på seter i Tolga

Lagt inn i Nyheiter | Kommentarar avslått på Bygdeutviklingsprogrammet for Innlandet presentert på seter i Tolga