![]() |
||||||||
Herdalssetra |
![]() |
|||||||
| 6214 Norddal Norddal kommune i Møre og Romsdal Åshild Dale og Jostein Sande Heimeside: www.herdalssetra.no |
||||||||
| Foto: Per Eide | ||||||||
| Tilbod: Servering av seterkost (rjomegraut og spekemat, svele, lefse, ost, karamelle og kaffi). Herdalskaramelle (av geitemjølk) til sals. Omvising, ysting og andre seteraktivitetar etter avtale. Overnatting i seterhus. Sal av fiskekort. Sesong: |
||||||||
![]() |
Litt om setra: Herdalssetra ligg i Norddal, om lag 14 km frå ferjekaia i Eidsdal og kring 45 minutts køyring frå Geiranger. På ei vid slette, 520 meter over havet, ligg den tradisjonsrike seterstølen. Over 30 små og store hus i tett klynge, dei eldste over 200 år gamle. I snart 300 år har det vore seterdrift her, og før den tid var det fast busetnad - truleg allereie i vikingtida. I det store fellesfjøset blir landets største geitflokk mjølka. I liene kring stølen beiter 3-400 geit, klatrar etter dei rikaste urter og ber næringsrik mjølk til støls. Men også store flokkar sau, kyr og hestar får nyte godt av dei rike beita i dalen. Det meste av geitmjølka går til meieriet, men noko blir foredla til ost og Herdalskaramell i malmgryta som framleis er i bruk. |
|||||||