Seternamn: Renndølsetra
Gardsnamn: Opdøl
Eigar/drivar/Brukar: Endre Opdøl
Telefon: 71697796
Adresse: Innerdalen
Postnr. stad: 6620 Ålvundeid
Heimeside:http://www.innerdalen.com
Kommune: Sunndal
Fylke: Møre og Romsdal
Litt om setra:
Renndølssetra ligg i Innerdalen &Mac246;Midt i landskapet som er så spesielt at det som eit av dei første i Noreg vart verna som landskapsvernområde i 1967. Det umiskjennelege Innerdalstårnet er eit kjent landemerke, som alle barn kjenner som ?Blåfjell? frå TV-serien til NRK.
Etter 3 km fottur frå bilveg, kjem du til det tradisjonsrike setertunet som i dag blir drive som "turisthytte" med 24 overnattingsplasser. Setra har full pensjon, med god heimelaga mat, og eit triveleg miljø. Setra er eit flott utgangspunkt for turar i alle vanskelighetsgrader, frå fjellklatring til barnevennlige turar innover dalen eller til fine fiskeplassar. Går du i Trollheimen ligg vi i turnettet mellom Kårvatn og Bårdsgarden. Hytta ligg rett ved Storvatnet, og har robåt til disposisjon. Ein rotur på vestdelen av vatnet er eit eventyr i seg
sjølv, sidan vatnet ligg midt i ei steinur!

Renndølssetra har vorte tildelt Norsk Kulturarv sitt kvalitetsmerke "Olavsrosa" for vårt heilhetlige arbeid med miljøet på setra. Frå heimelaga norsk mat med ingrediensar i størst mogleg grad frå garden og nærområdet, til pleie av kulturlandskapet og husa.

Kyr på setra! Renndølsetra er ei ‰ekte‰ seter, med kyr og kalver. Du kan vere med i fjøset og oppleve mjølking, eller sjå korleis smør og rømme blir til!

Nydeleg setersmør og rømme kjøper du direkte på setra.

Servering:
Produkt for sal: Rømme og smør.
Opplevingar/aktiviteter:
Overnatting: 24 senger
Sesong: ca 1. juli-1. september