Organisasjonen ynskjer å:
- Marknadsføre setra som ein positiv del av norsk jordbruk
- Arbeide for å styrke medlemmene sin kompetanse
- Synleggjere kvinna si rolle innanfor seterkulturen
- Aktivt påverke det offentlege rammeverket knytt til næringsdrift på setra
- Medverke til samarbeid om sal og marknadsføring av produkt/tenester frå setra
- Støtte opp om rekruttering
- Gje ut medlemsbladet Seterbrukaren og vil vurdere andre former for kunnskapsformidling og informasjonsarbeid
Som medlem er du med på å:
- Fremje seterkulturen sine intereser
- Skape eit nettverk og eit fagmiljø, for aktive seterbrukarar og andre interesserte
- Norsk seterkultur tilbyr medlemskap til eigarar, brukarar, forvaltarar og andre som er interessert i norsk seterkultur
Gjennom eit medlemskap får du:
- Bladet Seterbrukaren
- Informasjon om og tilgang på kurs og arrangement knytt til norsk seterkultur
- Orientering om kvar du kan få fagleg bistand
- Ta del i eit fellesskap med andre seter-intereserte