Herdalsetra
Fra Herdalsetra
Naturkrise = kulturkrise
James Rebanks
Aktivitet

Naturkrise = kulturkrise

Presset på naturen er større enn nokon gong. Kva gjer vi for å sikre ei berekraftig framtid for naturen – og menneska?

Nedbygginga av fjellet er ei aktuell problemstilling her heime. Rundt om i verda er det krig og uro. Over det heile trugar ei global klimakrise sjølvforsyninga og bevaringa av matjorda i mange land. Kva gjer vi for å sikre naturen og kulturen for framtida?

Velkomen til konferansen naturkrise = kulturkrise på Maihaugen på Lillehammer 28.–29. oktober 2024. Til seminaret kjem James Rebanks – sauebonde og bestseljande forfattar frå England. Det same gjer bloggar og vaktbikkje Anders Nordstad, stjernekokk og Credo-eigar Heidi Bjerkan, statssekretær Kjersti Bjørnstad (SP) og mange, mange fleire.

  • Stad: Maihaugen, Maihaugvegen 1, 2609 Lillehammer
  • Målgruppe: Alle med interesse for natur og kultur
  • Pris: Kr 800,- (inkl. lunsj)
  • Arrangørar: Maihaugen, Valdresmusea, Randsfjordmuseet, Gudbrandsdalsmusea og Anno – Museene i Hedmark. Konferansen er ein del av programmet «Eit skigardsdele – frå stølskultur til hytteindustri», som er støtta av Kulturdirektoratet.

Påmelding og lenke til program: https://museumsbillett.no/museum/1/produkt/1117

cross