Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Norsk seterkultur har tatt på seg å vedlikeholde og oppdatere denne. Vi håper mange kan ha nytte av dette "redskapet", og kom gjerne med innspill til endringer og nyheter/oppdateringer f.eks. når det gjelder virkemidler, regler og forskrifter og linker. Originalen ligger fortsatt på Oppdal kommune sine nettsider. Klikk gjerne Seterveileder ovenfor og se den i litt endra drakt og med noen mindre oppdateringer.

I NRK Ut i naturen 22. januar kl. 19.45 blir det eit møte med natur, folk og dyr på Herdalssetra i Dalsbygda i Norddal - og mest handlar det om budeia Nailoke frå Namibia som kom dit første gongen i 2003. - Mellom kneisande fjell og ein yrande geiteflokk møter vi budeia: ei vever namibisk kvinne med rastafletter som dansar i latter. Nailoke kom til Noreg via eit utvekslingsprosjekt i regi av Utviklingsfondet og Fredskorpset. Programmet er laga av Gry Molvær og fotograf Tor Sivertstøl.

Nailoke Shilunga saman med daverande miljøvernminister Børge Brende. Brende var på setra i 2003 i samband med verdsarvnominasjonen.

Welcome! - Sorry, if you expected blond, curly hair!

Nailoke Shilunga smiler som eit varmt savannepust mot oss. Mange forventar blonde, bunadkledde budeier når dei kjem til Herdalssetra. Mellom kneisande sunnmørsfjell og ein yrande, kvit geiteflokk - står difor budeia sjølv i djupgyllen kontrast: Ei vever namibisk kvinne med rastafletter som danser i latter!

Gjennom 300 år har folk drive seter her i Herdalen – ei irrgrøn høgslette klemt øvst mellom Norddalen og Geirangerfjorden. Eit stykke norsk natur så eineståande vakkert og særeige - at UNESCO har freda heile fjordlandskapet her som verdsarv.

-Eg kjenner meg heime på Herdalssetra, i eit enkelt levesett i storslått natur, forklarer Nailoke som sjølv har ei dramatisk historie med krigsherjingar.

I NRK Ut i Naturen 22. januar får vi eit eineståande møte med Nailoke i det råe fjell- landskapet ho har forelska seg i - og oppsøkt år etter år. Utfordringane er mange, og slettes ikkje alle dagar er lette og solblanke.

Programmet er laga av Gry Molvær, og fotograf Tor Sivertstøl som og står bak bileta i suksesserien Der ingen skulle tru nokon kunne bu.

Herdalssetra er eit senter for norsk geitehald og vert drive av ekteparet Åshild Dale og Jostein Sande m/fleire. Kvar dag gjennom sommarhalvåret vert tre hundre geiter mjølka på setra, og i dei ulike sela vert det laga ost, geitemjølk-karamellar og andre matspesialitetar. Dale og Sande meiner seterdrift er særs framtidsretta og ei skånsam forvalting av naturen vår. Dei har og satsa medvitent på eit internasjonalt miljø i seterdrifta.

Fjordlandskapet i og rundt Herdalen og i Geiranger er rekna som det mest eineståande i sitt slag på kloden ( Unesco), mykje takka dei lokale sin kamp for å hinder at fossane vart bygd ut.

UT I NATUREN NRK 1, Tysdag 22. januar kl 19:45

Programansvarleg: Gry Molvær og Tor Sivertstøl

Landbruks- og matdepartementet (LMD) vil sende på høring et forslag til endring av seterforskriften. Det skal ikke lengre være nødvendig med egen besetning som beiter eller fores med gras fra setra for å anse at setra er i bruk.

Les hele brevet fra LMD til Vestre Slidre Fjellstyre (pdf, 131 Kb)

Det er reist spørsmål om hva som skal legges til grunn for at en seter skal regnes for å være i bruk.

Det skal ikke lengre være nødvendig med egen besetning som beiter eller fores med gras fra setra for å anse at setra er i bruk. (Foto: Bjørn Rørslett /Samfoto)

Vestre Slidre Fjellstyre mener at en seter er i bruk også når fôret høstes for salg, dersom salget er en del av den jordbruksmessige drifta på eiendommen. Departementet mener denne oppfatningen bør legges til grunn for tolkningen av seterforskriftens §9.

Se også forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning (seterforskriften)

Landbruk over hele landet

- Med denne endringen ønsker vi å skape trygghet og forutsigbarhet for de som har seterrett i dag, sier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum. - I Norge har vi lite matjord i forhold til innbyggertallet, men store gras- og beiteressurser. For å øke produksjonen av mat fra norsk landbruk må ressursene tas i bruk der de finnes, sier Slagsvold Vedum.

cross