Herdalsetra
Fra Herdalsetra
IMG_5948

I mai fekk 100 bedrifter eit digitalt spørjeskjema om merking av seterprodukt og om det er relevant å vere med i eit nasjonalt, digital seternettverk.  Svarprosenten var på  66%.   Spørjeundersøkinga gjaldt  beskytta   tradisjonelt særpreg for setersmør og om det er relevant for bedriftene å delta I et nasjonalt, digital nettverk. Norsk seterkultur er godt fornøyd med respons og utfyllande svar.

Hovudandelen av dei som svarte  foredlar på stølen (73%), og  den største marknaden er hyttefolk  (76%) og barnefamiliar (79,7%).

52,73% av bedriftene meiner at beskytta betegning vil auke kvalitetsstempelet på bedriften, medan 47%%  trur at en beskytta tradisjonelt særpreg vil kunne styrke produktet i nye marknader. Det er foreløpig ikkje mange som reknar med å selje i butikk, og 87,93% sel produkta sine på stølen. 14% av dei som svarte meiner feilaktig bruk av ordet seter og støl vil kunne svekke omdømet til seterbedriftane.

I høve til eit nasjonalt nettverk så meiner 52,54% at det er relevant. Dette vil Norsk seterkultur og HANEN vurdere å samarbeide vidare om.

Søknad om beskytta betegning er no sendt Mattilsynet, og ny informasjon kjem når denne er behandla. Informasjonen frå spørjeundersøkinga vil være nyttig i det vidare arbeidet. Dersom vi oppnår beskytta tradisjonelt særpreg vil medlemmar i Norsk seterkultur kunne bruke market vederlagsfritt eller for eit lite administrasjonsvederlag dersom dei innfrir kriteria for beskytta tradisjonelt særpreg. For «ikkje-medlemmar» nyttast gjeldande sats for eingonsgebyr hos Matmerk som no er på kr 30000,-

Merkekriterier pr 5 mai 16

 

cross