Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Hans Bondal frå Sollia i Stor-Elvdal ny leiar i Norsk seterkultur

16. mar 2014

Hans Bondal frå Sollia i Stor-Elvdal kommune i Østerdalen er valt til ny leiar i Norsk seterkultur. Katharina Sparstad, som har vore leiar i 3 år, sa frå seg attval, men held fram som 1. vara til styret. - Den nye leiaren driv gard og seter, er utdanna skog og utmarkstekniker og har arbeidd som fjelloppsynsmann. Saman med kona Ellen Marie Tangen driv han to geitebruk og allsidig seterdrift på Øverdalssetra. Vi gir meir omfattande presentasjon av den nye leiaren i Seterbrukaren, som kjem ut i slutten av mars. NSK-styret elles består av Siv Beate Eggen (attvald), Per Sæther (ikkje på val), Bjørn Karsten Ulberg (ikkje på val) og Marit Skjelstad (Norsk Landbrukssamvirke). Varamedlemar til styret: Katharina Sparstad, Erik Fleischer og Ingrid Arneng.

cross