Hans Bondal attvald som leiar i Norsk seterkultur

hansbondalDet vart ingen endringar av styresamansettinga under årsmøtet til Norsk seterkultur. Møtet gjekk føre seg på Dombås 9. april. Årsmeldinga viser stor aktivitet i organisasjonen i året som gjekk, og arbeidsplanen for det komande året ber også bod om store ambisjonar. Med dagens landbrukspolitikk er det beitebrukande landbruket, og særleg seterdrifta, under sterkt press – og difor er innsatsen til Norsk seterkultur svært viktig. – Vi vil kome attende – både på nettet og i Seterbrukaren – med meir frå både årsmøtet og fagsamlinga.

 

Andras Viestad heldt eit svært godt foredrag under fagsamlinga på Dombås. Her i engasjert samtale med Bjørn Karsten Ulberg, seterbrukar frå Eggedal og mangeårig tillistvald i Norsk seterkultur.

Andras Viestad heldt eit svært godt foredrag under fagsamlinga på Dombås. Her i engasjert samtale med Bjørn Karsten Ulberg, seterbrukar frå Eggedal og mangeårig tillistvald i Norsk seterkultur.

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.