Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Blir setersmør vår neste nasjonale matskatt?

10. jan 2017

Blir setersmør vår neste nasjonale matskatt? er tittelen på aktuell sak på matmerk.no. - Norsk seterkultur har som kjent lagt ned ein stor innsats for å få godkjent setersmør beskytta som smør med tradisjonelt særpreg.

Prosessen nærmar seg mål, for no ligg høyringsdokumentet ute til høyring på www.beskyttedebetegnelser.no. Der blir det liggande i 3 månader, og i tillegg blir det sendt ut til dei mest aktuelle høringsinstansane, slik som nokre offentlege instansar, organisasjonar i landbruket og andre produsentar av smør. - Initiativet frå Norsk seterkultur har bakgrunn i at stadig fleire kommersielle aktørar sel produkt nemnt som om dei er fjell- eller seterprodukt, utan at dei har noko som helst tilknyting til seter eller fjell. Dette er misbruk av begrep, og difor er det viktig for Norsk seterkultur å få beskytta det tradisjonelle setersmøret.

cross