Norsk seterkultur vidarefører Seterprisen

Styret i Norsk seterkultur har vedteke at Seterprisen 2017 skal delast ut i samband med med fagdag og årsmøte på Brimi sæter 13.-14. mai. Formålet med prisen er at den skal vera ei påskjønning til eldsjeler som har gjort ein stor innsats for å setja seterdrifta i fokus. Prisen vil dermed vera med å skape blest på ein positiv måte, og bidra til å sikre eksistens og vidareutvikling av seterdrifta. Norges Vel hadde i mange år eit stort engasjement for seterdrift og seterkultur, og delte ut Seterprisen i åra 2001 til 2006. Norsk seterkultur har fått overta nemninga Seterprisen, og vil vidareføre den med utgangspunkt i dei same kriteria som Norges Vel la til grunn.

Kriteriar

Seterprisen skal delast ut årleg til ein eller fleire personar som har gjort ein ekstraordinær innsats for seterdrifta i Norge. Innsatsen kan vera innan:

  • Tradisjonell seterdrift
  • Mjølkeforedling på setra
  • Utvikling av ny næringsverksemd tufta på seterdrifta,
  • Forskning og publisering av vitskapleg materiale
  • Formidling av stølskulturen. 

Utlysing og forslag på kandidater

Prisen blir lyst ut i Seterbrukaren, på nettet og gjennom aviser og andre medier. Ein jury på tre, med representantar frå Norsk seterkultur, Norges Bygdekvinnelag og Tine, avgjer kven som får prisen. Frist for innsending av forslag på kandidater til Seterprisen 2017 er 1. mai 2017, og kan sendast til seter@seterkultur.no eller Norsk seterkultur, 6214 Norddal 

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.