Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Auka tilskot til stølsdrift?

4. mai 2018

I kravet til årets jordbruksoppgjer går faglaga inn for at det skal etablerast eit nytt nasjonalt setertilskot. Dette skal erstatte tilskotet som i dag blir ytt regionalt, og det er framlegg om eit tilskot på 60.000 kroner til kvar aktiv seter – der mjølka blir nytta i eiga foredling eller levert til meieri.

Tilskot til stølsdrift kom inn i jordruksavtalen som eit nasjonalt tilskot på 1990-talet. Sidan vart det overført til dei regionale miljøprogramma (RMP), der Norsk seterkultur vart invitert til å vera med i utforminga av m.a. regelverket. Tilskotssatsane auka, og utforminga av tilskotet er ulikt frå fylke til fylke. Både det første nasjonale tilskotet, og seinare tilskotet gjennom RMP, har vore viktig for å oppretthalde seterdrifta. Og ”skreddarsaum” av tilskotet har i enkelte fylke ført til at talet på setre faktisk har auka, gamle setre har fått nytt liv! Likevel er situasjonen alarmerande, når vi siste året berre hadde knapt 900 setre i drift.

Framlegget til auka tilskot gjennom eit nasjonalt tilskot er positivt, men det er viktig at det blir tilpassa dei lokale tilhøva når deltaljert regeleverk skal utformast. – Framlegget frå bondeorganisasjonane betyr ein viss auke i samla tilskot til stølsdrifta, men er neppe nok til å gi driftsforma eit løft.

Det trengst fleire tiltak! På mange stølar trengst det utbetring og tiltak som gjeld bygningar, i-mek, vegar, vatn og avløp og energi for at drifta skal kunne halde fram. Dette krev store investeringar – og difor bør auka tilskot følgjast opp med eit investeringsprogram. Seterdrifta er viktig i matproduksjonen, framleis produserer minst 12-15000 kyr og 10000 geit høg-kvalitet mjølk på setrene. Stølsdrifta er det likaste utstillingsvindauget landbruket vårt har å by på, med store ringverknader for andre næringar, kultur og friluftsliv. Skal vi ikkje misse denne utruleg verdifulle driftsforma, så krevst det no eit krafttak!

cross