Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Alliansen for Ny landbrukspolitikk har lansert ei eigen seterpolitisk melding

12. apr 2019

Organisasjonen Alliansen ny landbrukspolitikk har lansert ei seterpolitisk melding. Arbeidet starta på Økoveka i Oslo 2018 då Norsk seterkultur var med på eit oppstarts-seminar. Meldinga er no klar og kan lastas ned frå link lenger nede på sida.

Foto: Kathrin Hofmann

Frå nettsidene deira om seterpolitisk medling:

"Alliansen ny landbrukspolitikk har dei siste månadane jobba iherdig for å få ihop Seterpolitisk melding. Det er eit politisk dokument som prøver å syne nokre nye vegar for eit jordbruk på feil kurs. Me ynskjer at seterdrifta må få eit lyft for å skape gode lokale levestader for folk, fe, insekt og plantar. Me i ANL har ei felles forståing for er at kapitalintensiv, industriell stordrift i landbruket ikkje svarar godt til samtidas og framtidas sosiale og miljømessige utfordringar, og at frihandel med mat ikkje kan løyse verdas fattigdoms- og matforsyningsproblem."

Last ned setermeldinga her

Om Alliansen for ny landbrukspolitikk

Alliansen har som føremål å endre den norske landbrukspolitikken. Alliansen byggjer samarbeidet  "på ei felles forståing om at kapitalintensiv industriell stordrift i landbruket hverken er økonomisk, ressursmessig eller sosialt bærekraftig – og at frihandel med mat ikkje kan løyse verdas fattigdoms- og matforsyningsproblem. Organisasjonen har som mål å bidra til, og utvikle, auka kunnskap og samfunnsdebatt som fører landbrukspolitikken i en meir bærekraftig retning". Alliansen for ny landbrukspolitikk er sett saman av:

Sosialistisk Ungdom
Attac Norge
Spire
Biologisk-dynamisk forening
Natur og Ungdom
Grønn Ungdom
Oikos økologisk
Rød Ungdom
Norges Bonde- og Småbrukarlags Ungdomsutvalg

cross