Opprop for skjerming av seterkulturen ved kutt i mjølkekvotar

Når norske mjølkebøndar no må redusere mjølkekvotene, ber vi om at seterbrukarar skjermast. Seterdrifta er kraftig redusert dei seinare åra, og er svært sårbar for tiltak som kan svekke drifta. Når seterdrifta forvinn, mister vi ein mange hundre år (kankje tusen) gamal haustingskultur.

Norsk seterkultur er ein landsdekkande  interesseorganisasjon som arbeider for å take vare på stølskulturen Noreg. Vi arrangerer mellom anna fagsamlingar, gir faglege og politiske innspel, deltek i utval og drifter ein nettbasert seterrettleiar. Organisasjonen har eksistert i 20 år, og vi ser med stor uro på det dramatiske fråfallet av stølsbrukarar.  I 2018 var talet under 900, og stølskulturen er no definert som utrydningstruga (https://www.immateriellkulturarv.no/bidrag/setring-i-noreg/).

Stølsdrift er ein over 1000 år gamal haustingstradisjon, og er nemnd i skriftlege kjelder allereie i Gulatingslova på slutten av 1000-talet. Det er seterdrift i gamal tid eit eige omgrep, det vil seie at stølsdrifta nok er mykje eldre. Den ekstensive beitebruken har vore sjølve livsgrunnlaget for folk og skapt det kulturlandskapet vi har i dag. Det vil vere eit stort tap om stølsdrifta forsvinn. I tillegg til mjølkeproduksjon forvaltar stølsdrifta kulturlandskap og biologisk mangfald, kulturminne, tradisjon-song og forteljingar og kunnskap om  samspelet mellom menneske, dyr og natur. Vidare er stølsdrift eit godt døme på god dyrevelferd  og imaget av lykkelege dyr på setra vert nytta for alt det er verd i ulik marknadsføring for å gje forbrukarane den gode kjensla. Stølsprodukta er kjend for å vere ekstra gode, og i det seinare er det godt dokumentert både frå Noreg og Alpane at produkt frå fjellet har ekstra kvalitetar. Derfor arbeidet Norsk seterkultur no også for beskytta betegnelse av setersmør slik at forbrukarane lettare an finne fram til den gode smaken. Når stølsdrift og stølsopplevingane forsvinn, forsvinn også ein del av vår identitet.

I det seinare har Norsk seterkultur også arbeida for å få seterkulturen i Noreg og Sverige på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.

Både økonomi og virkemiddelapparatet har mykje på seie for framtidig stølsdrift, og fylker og kommunar som satsar ser ut til å ha ei betre utvikling av stølsdrifta. Vi har ikkje råd til å miste fleire seterbrukarar.

Når det no blir overproduksjon av mjølk i Noreg og skal kuttast i mjølkekvotar, ber vi om at det blir take omsyn garder som driv aktiv seterdrift. Garder som mottak stølstilskot er enkle å lokalisere for forvaltninga, slik at det skal vere enkelt å skilje dei frå dei øvrige bruka.

Med venleg helsing Norsk seterkultur

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.