Arbeidet med Unesco-søknaden i gang for fullt

Første møte i arbeidsgruppa for Unesco-søknad. Frå.v. Katharina Sparstad, Siv Beate Eggen, Hans Bondal, på bordenden Håkan Tunon via Skype, Anne-Katrine Nordby og Knut Ola Storbråten. Foto: Jostein Sande.

Norsk seterkultur samla nyleg arbeidsgruppa for Unesco-søknaden til første møte på Beitostølen. Anne-Katrine Nordby er tilsett som prosjektleiar, og målet er at forprosjektet skal vera ferdig til 1.1.20. Prosjektet har fått støtte både frå Fylkesmannen i Innlandet og Øystre Slidre kommune. Eit viktig bidrag har også vore frå Valdres Natur- og Kulturpark i form av gratis arbeidstimar i prosjektleiing og oppfølging. I det vidare arbeidet blir det sjølvsagt viktig å sikre økonomien for det komande hovudprosjektet som ein håpar og trur skal munne ut i ein søknad til Unesco, underskreven av regjeringa ved kulturministeren.

Styret i Norsk seterkultur er styringsgruppe for prosjektet, og både leiar Siv Beate Eggen, og nestleiar Knut Ola Storbråten, er med i arbeidsgruppa. På første møtet deltok også Hans Bondal, Katharina Sparstad, Jostein Sande, og Haakan Tunon via Skype. Tunon representerte det svenske fäbodbruket ved dette høvet. Kjetil Larsgard frå Hallingdal, Kari Stensgård (Nibio) og Knut Aastad Bråten er også invitert med i arbeidsgruppa.

På møtet vart det drøfta kva som skal leggjast mest vekt på i arbeidet med søknaden. Tre punkt i Unesco sitt opplegg står fram som dei mest aktuelle: ”sosial practises and rituals, knowledge and practises concerning nature og traditional craftmanship”. Definisjon av seterkultur vart også drøfta, der svenskane nok har ein meir utvida definisjon enn den vi nyttar i Noreg. I utgangspunktet handlar det om støl med mjølkeproduksjon, men at ein og kan sjå den svenske vurderinga.

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.