Vel blåst for fagsamling om seterkulturen

Fylkeskultursjef Randi Langøigjelten opna fagsamlinga

Om lag 55 personar var samla helga 15. og 16. februar for å lære og dele kunnskap om seterkulturen. Dei årlege fagsamlingane til Norsk seterkultur har etter kvart vorte den viktigaste arena for seterbrukarar. På denne samlinga var arbeidet med ei listeføring av seterkulturen på UNESCO si liste for immateriell kulturarv var ein raud tråd gjennom begge dagane. På fagsamlinga var det også tid til ein omvising på Maihaugen.

Samlinga vart opna av Fylkeskultursjef Randi Langøygjelten. Ho har sjølv vakse opp med seterdrift i Østerdalen, og minte oss om at UNESCO arbeidet også ligg inne i planstrategiar for Innlandet.

Budeia på Maihaugen
Omvisning på setra

Om framtida til norsk seterdrift

Interessant var det også å sjå frå resultata frå spørjeundersøkinga til AgriAnalyse om status og framtidsperspektiv på stølsbrukarar.  Hovudkonklusjonen var ingen overrasking. Det er når dei små og mellomstore bruka fell bort at stølane forsvinn. Svært urovekkande var det at heile 41% svarer at det skal avvikle seterdrifta /ikkje veit om dei skal avvikle seterdrifta i nærmaste framtid

Vilde Harsaaker frå AgriAnalyse

UNESCO

Vi fekk ein god introduksjon i UNESCO-arbeidet av Eivind Falk frå Norsk handverksinstitutt og prosjektleiar Anne Katrine Nordbye. Falk sit også i UNESCO sitt Comity board som sluttbehandlar slike søknader. Dag 2 var det gruppearbeid i tre grupper som diskuterte ulike vinklingar med tema seterkultur og framtid – sett frå dei ulike miljøa dei representerte. Innspela skal nyttast i det vidare arbeidet  med UNESCO.

Gode ambassadørar

Frå Hedmark kom også Årets unge Bonde, Øistein Aasen. Han tok oss med på setra i Vingelen, der dei unge gardbrukarane no er i gang med nytt fjøs og ysteri på stølen.

Inga Iversen Aasen driv stølen saman med sin mann, Årets unge bonde, Øistein Aasen

Ein litt meir utradisjonell drift er det på Dag og Tid-setra. I 2016 lånte redaktør Svein Gjerdåker og kona Ingvild Bryn kyr og seter, og har sidan drive setra kvar sumar. Dag og Tid-abonnentar kan følgje livet på setra i avisa.

Svein Gjerdåker frå Dag og Tid fortalde om Dag og Tid-stølen

Søndag 16. februar var det høve for dei ulike organisasjonane til å presentere seg, og fortelje litt om korleis vi kan samarbeide om UNESCO-arbeidet.

Samlinga synte at mange er opptekne av at seterkulturen og seterdrifta betyr mykje for mange, og skal leve vidare i framtida. Vi har no byrja samle alle gode krefter, og er optimistiske i høve til det vidare arbeidet.

Alle presentasjonane, prosjektplan og sluttrapport for UNESCO vert lagt ut her:

Vedteke årsmelding

Sluttrapport forprosjekt UNESCO

Prosjektplan UNESCO

AgriAnalyse

NIBIO

Årets unge bonde Øistein Aasen

Norsk Håndtverkssinstitutt Eivind Falk

UNESCO prosjektet Norsk seterkultur

Norsk Bonde og Småbrukarlag

Norges Bondelag

Setersmør – MATMERK

Inner Gammelsetra i Grøvudalen

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.