Nasjonal stølskonferanse på Fagernes

Nasjonal stølskonferanse på Fagernes

11.- og 12. mai gjesta om lag 90 stølsbrukarar, folk innan forsking, landbruksforvaltninga og andre interesserte frå heile landet Fagernes Hotell for å samlast kring temaet stølsdrift. Konferansen var arrangert av Fylkesmannen i Oppland, Norsk seterkultur og Valdres Natur- og Kulturpark.

Vi er svært nøgd med responsen på konferansen, seier både Guri Grønolen og Katharina Sparstad frå Norsk seterkultur/Valdres Natur- og Kulturpark. Dag ein var lagt opp til meir overordna tema og strategiar, med diskusjon og gruppearbeid. Blant innleiarane var leiaren i HANEN, Bernt Bucher, Eivind Haalien, sjef for lokalmat og spesialiteter i NorgesGruppen, Hege Homlong, direktør for vekst og utvikling frå TINE, Hanne Sickel frå Bioforsk og stølsbrukar Geir Harald Fodnes frå Strandmo gardsysteri i Valdres. Christian Anton Smedshaug, Landbrukets utredningskontor tok for seg både dei store linene i verdas matproduksjon og mulegheitene for mjølkeproduksjonen, i fjellområda. Skal stølsdrifta halde fram trengst det satsing på dei små og mellomstore familiebruka, var vel konklusjonen.

Hanne Sickel viste til resultat frå undersøking av stølsmjølk som viser at kjøt og mjølk frå fjellet inneheld spesielle verdiar innan umetta feitsyrar, antioksydantar og betakaroten. Dette gjør mellom anna smøret gulare, mjukare og meir lagringsdyktig. Som ein raud tråd både frå TINE, NorgesGruppen og Hanen var ei klar endring i marknaden for spesialprodukt. TINE er no i i gang med prosjekt som skal fylje opp dette behovet i marknaden. Det har også blitt meir aktuelt med sesongprodukt i hyllene. Hålien frå NorgesGruppen viste til butikkane som har sett av ekstra hylleplass til lokal mat. Samstundes er det ei utfordring å få selt produkta, og ofte er det manglande marknadsføring av nye produkt. 60% av dei nye produkta går dukken i løpet av dei første tre åra.

Dag to var det meir fokus på praktiske løysingar. Her fekk mellom anna stølsbrukar frå Grøset seter, Bjørn Karsten Ulberg, presentere stølen sin. Han fortalde at utfordringane hadde vore mange, og at det er ekstra tungt når kommune og forvaltning er negative. Stølsbrukar Sigmund Røysland i Tinn driv utan straumnett og fortalde korleis han og kona Nanfrid fekk stølen til å fungere med ein kombinasjon av aggregat, vindmøtte og solselle. Dei driv stølen Selstasli med 10 mjølkekyr og lokalforedling fordi tankbilen ikkje kjem fram. Siv Beate Eggen frå Snåsa stølslag fortalte om korleis de hadde bygd opp seternettverket der oppe. Stølslaget i Snåsa er nominert til Kulturlandskapsprisen 2012.

Interessant var det også då sosialantropolog Anne Katrine Norbye fortalde om studia sine i Hemsedal og Nord Trøndelag. I Leksvik og Mosvik seterlag i Trøndelag hadde fleire unge starta opp stølsdrift med nokre kyr som turistattraksjon. Stølane ligg utan veg og kan soleis ikkje lever stølsmjølka til meieriet. Medanno er berre 16 aktive stølar att i Hemsedal, har stølane i stølsgrenda i Trøndelag auka frå 3 til 11 sidan 2004.

Også Norsk Kulturarv ved Simen Bjørgen fekk presentere seg på konferansen. Nokre stølar har også fått Olavsrosa, mellom anna Herdalsetra som har take vare på både bygg og kulturlandskap. Feltbiologen Tanaquil Enzensberger tok oss også med på ein vandring i det biologiske mangfaldet der vi vart kjend med ei rekkje utrydningstruga arter som treng beiting og lys for å overleve.

Alle innlegga vert lagt ut på heimesida til fylkesmannen i Oppland.

Artikkel i Valdres Avis 15. mai

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.