Innlandet Fylkeskommune gir kr 700000,- til arbeidet for seterkulturen

Norsk seterkultur har fått kr 700000,- av Innlandet fylkeskommune til arbeidet for å få seterkulturen på UNESCO si liste for immateriell kulturarv. Norsk seterkultur er no klare til å fortsette arbeidet

Frå Utistuvollen – seter i Vingelen

«Årets beste julegave!» jubler dagleg leiar i Norsk Seterkultur, Katharina Sparstad. «Arbeidet er viktig, og mange har gitt utrykk for dei støtter arbeidet.  Særs gledelig er det at det viktigaste seterfylket, Innlandet, viser sin støtte med eit bidrag på kr 700000,-. Dette er ein full aksept for arbeidet, og betyr at vi no kan fortsette arbeidet for fullt», seier ein nøgd dagleg leiar. Andre fylker som har gitt støtte til arbeidet er Vestfold og Telemark fylkeskommune og Fylkesmannen i Trøndelag som begge har bidrege med kr 200000,-.

Etter årsmøtevedtak starta Norsk Seterkultur starta i 2018 starta prosessen med å få seterkulturen på UNESCO si liste for immateriell kulturarv. Arbeide starta med eit forstudium med god støtte frå Valdres Natur- og Kulturpark. Sidan gjekk arbeidet vidare i eit forprosjekt med Anne Katrine Brun Norbye som prosjektleiar. I forprosjektet vart det utarbeida plan for det vidare arbeidet, arbeida med forankring og oppretta kontakt med fleire viktige samarbeidspartar.

 «Det har vore viktig å forankre arbeidet i alle fylkeskommunar med seterdrift. Akkurat i 2020 var dette ei utfordring. Året starta med innkøyring av fleire nye fylker, omlegging av stønadsordningar – og så Covid-19. Samstundes hadde vi eit årsmøtevedtak i 2020 om at arbeidet skulle vente til finansieringa var på plass» fortel Sparstad

Pengane skal brukast til å involvere og forankre arbeidet i på ulike sektor – og forvaltningsnivå, kartlegge drift og aktiviteter på setrene, gjennomføre samlingar og aktivitetar, dokumentasjon og vurdere utviklingsområde. Arbeidet i hovudprosjektet blir leia av Rådhuset Vingelen.

Dette er ein god start, men arbeidet er enno ikkje fullfinansiert. Arbeidet med å skaffe midlar held derfor fram til alt er på plass.

Det er ein lang og omfattande prosess for å søke listeføring i UNESCO, og arbeidet har arbeidsfrist 2024. Meir informasjon finn du på seterkultur.no/UNESCO

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.