Fagsamlinga 26.-27. februar er avlyst medan årsmøtet vert gjennomført digitalt til planlagt tid 28. februar

På grunn av situasjonen med Covid-19 har styret vedeke å avlyse kinnekurs og fagsamling i Bø i Telemark 26. og 27. februar. Årsmøtet vert gjennomført til planlagt tid 28. februar, då digitalt på Teams. Meld deg på digitalt årsmøte ved å klikke HER så sender vi link før møtet.

Påmeldingsfrist 20. februar. Saksdokument vert lagt ut på nett. Du vil få link til dokumenta etter påmelding.

Dersom smittesituasjonen (forhåpentlegvis) er endra før stølssesongen vil vi arrangere kinnekurs i mai/juni. Aktuell stad for kinnekurs er Hallingdal/Valdres

I samband med UNESCO – arbeidet vil det arrangerast fag/temasamlingar i haust (også dette med atterhald av smittesituasjonen)

For spørsmål kontakt seter@seterkultur.no/ 99009584

Dette innlegget vart lagt inn i Nyheiter. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.