Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Geitmjølkskvotene blir redusert med 2% i 2013

1. des 2012

LMD har i samråd med faglaga fastsett forholdstalet for disponibel kvote for geitmjølk til 0.98 for 2013, etter tilråding frå Tine. Det er behov for betre balanse mellom produksjon og sal av geitmjølksprodukt, men i fleire møte har geithaldarane reagert tildels sterkt på det som no skjer. Hovudargumentet frå næringa er at det blir gjort for dårleg jobb på marknads- og salssida. Tine har produkta, eit mangfald av kvite- og brune ostar, men bøndene og andre meiner det sviktar på siste etappen ut til forbrukarane. Det manglar kreativitet og entusiasme!

cross