Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Brimi sæter fekk Seterprisen 2017 

10. mai 2017
Hans Bondal, styreleiar i NSK og leiar for juryen delte ut Seterprisen 2017 til Hans og Ola Brimi.

Blant mange svært gode kandidatar valde juryen å gi Seterprisen 2017 til Brimi sæter i Lom, og utdelinga fann stad under Norsk seterkultur si fagsamling og årsmøte 13. mai. 

At utdelinga av prisen skjedde  akkurat på Brimi sæter er heilt tilfeldig, men ikkje mindre artig, seier Hans Bondal, leiar for juryen – og leiar i Norsk seterkultur.

Det var forslag på mange gode kandidatar, noko som fortel om stor aktivitet og kreativitet i ”seterlandet”, fortel Bondal. Med seg i juryen har han hatt  Solveig Linge Stakkestad frå Norges Bygdekvinnelag og Nils Asle Dolmseth, nestleiar i konsernstyret i Tine.

Brimi sæter er i dag ei mangfaldig verksemd, med servering og overnatting, ysteri og formidling av seterkultur. Og setra ber preg av dyktige og kreative drivarar, trygt forankra i tanken om å føre driftsform og tradisjonar vidare. - Hans Brimi, odelsgut på garden Brimi, hadde tidleg tankar om å vidareutvikle setra. Han er kokk og opplært og inspirert av kjøkenet på Fossheim i Lom, der Arne Brimi var kjøkensjef. Ola er gift med Hans. Han er murar av yrke, men har lært seg kunsten å yste – og på setra kan du som gjest få følgje heile ysteprosessen. Marit er dotter til Ola. Ho er student, men hjelper kvar sommar til i butikk og kafe.

cross