Herdalsetra
Fra Herdalsetra
Separering med håndkraft. Foto: Sherpa film
Separering med håndkraft. Foto: Sherpa film

UNESCO-nominasjonstekst, film og bilete er no tilgjengelege for ålmenheita

16. okt 2023

Noreg og Sverige nominerte i mars 2023 seterkulturen til UNESCO si liste for immateriell kulturarv. Til nominasjonsteksten vart det lagt ved 10 bilete som syner ulike sider av seterlivet i Noreg og Sverige. I tillegg er det laga ein seterfilm. Alt er no tilgjengelig for ålmenheita.

Noreg saman med Sverige nominerte i mars 2023 seterdrifta til UNESCO si liste for immateriell kulturarv. Nominasjonsteksten er på engelsk og skal også oversettast til fransk. Sjølve avgjerda om seterkulturen kjem på lista vert teken i desember 2024. Til nominasjonen skal det følge 10 bilete samt ein film på 10 minutt. Denne skal ha engelsk undertekst og forteljarstemme. Før det vart klart at nominasjonen vart godkjend for handsaming, var det ikke høve til å syne eller publisere filmen offentleg. No er nominasjonen endeleg godkjend og klar for handsaming. Dermed har vi også gleda av å syne filmen til ålmenheita.

Her kan du finne både nominasjonsfila, bileta og seterfilmen

cross