Norsk seterkultur har fått pengar frå Sparebankstiftelsen DNB for å gjera born og unge kjende med seterkulturen.
Organisasjonen søkte tilskot til arbeid over tre år, der hovudmålet er å gje unge kunnskap om seterdrift, om kvalitetane ved setermjølk, berekraftig matproduksjon i utmark, dyrevelferd og kulturtradisjonar knytte til seterlivet, med meir. Den tildelte summen er 2 130 000 kroner, og prosjektet går i tre år fram til 31. mai 2028.
For 2025 vil ein leggja mykje vekt på innskrivinga av seterkulturen på Unesco-lista, gjennom seter-markeringar ulike stader i landet. Døme på dette er Unesco-markering på Skålbergsætra i samarbeid med Odalstunet, markering på Dyrsku’n med vekt på setersmør og Unesco, og konsert og lokking på Skjerdalsetra i Aurland.
Det er vidare planlagt stølskurs for born og unge i Valdres og samarbeid med Grønt Spa’tak.
Det var også søkt om midlar til å få laga eit digitalt spel, men det fekk ikkje støtte frå sparebankstiftinga.
Utlysing av midlar
Norsk seterkultur har no lyst ut midlar til støtte for seter-arrangement, med siktemål om at flest mogeleg born og unge skal få oppleva og læra om livet på setra. Det går an å få inntil 10 000 kroner til tilskipingar som vil dela kunnskap om seterkulturen, og der born og unge er hovudmålgruppa.
Ein kan også søkja om støtte til å ha ein praktikant til opplæring på setra, inntil 5000 kroner.
Meir informasjon og søknadsskjema finn du på nettsida seterkultur.no.