Eggensetra, Snåsa
Frå venstre Katharina Sparstad, Svein Kostveit, Audun Pettersen, Irja Godal og Ingvild Oldre Heggom.

Beiting eller hytter?

17. sep 2025

Dersom ein ikkje tek styring, kan reiseliv og hyttefelt pressa husdyra ut av viktige beiteområde. Og då ryk både seterdrift og gardsdrift. Dette var blant synspunkta då konfliktar mellom beitebruk og reiseliv var på dagsorden under Dyrsku’n i Seljord.

Dyrsku’n hadde på programmet eit panel-ordskifte mellom folk med ulike inngangar til seterdrift og reiseliv: Ingvild Oldre Heggom driv støl på Beitostølen i Valdres, Irja Godal er lokalpolitikar i Vinje i Telemark og Audun Pettersen er ansvarleg for reiseliv i Innovasjon Noreg. I tillegg var dagleg leiar i Norsk seterkultur, Katharina Sparstad, med, og ein aktiv ordstyrar var Svein Kostveit.

Katharina Sparstad innleidde seansen fredag 12. september med å setja det heile i perspektiv. I samband med Unesco-listeføringa av seterkulturen ligg det også ei utfordring om korleis ein skal ta vare på setermiljøa dersom det aukar med turistar i seterområda, sa ho. Sparstad trekte opp dei historiske linene der turistar og byfolk frå gamalt av kunne koma på setra og slik få kontakt med bygdemiljøet og læra om matproduksjon. Men i dag har ting endra seg, og tilhøvet mellom hyttefolk og seterdrift er ikkje alltid uproblematisk. Kvar gjekk det gale?, spurde Sparstad retorisk.

Dagleg leiar Katharina Sparstad i Norsk seterkultur innleidde ordskiftet på Dyrsku'n.

Valdres er i dag det mest seter-tette området i Noreg, med om lag 200 setrar i drift, fortalde Ingvild Oldre Heggom i innlegget sitt. Sjølv stølar ho med mjølkekyr på Beitostølen, som ein av ni stølar. Det er hyttefelt på båe sider, og beiteområdet er i dag berre ein fjerdedel av det det var før, fortalde ho. Kommunen har ein plan for beitebruk, men denne har ikkje teke omsyn til kvar kyrne hennar faktisk beitar, sa ho.

Det kan vera koseleg med hyttefolk som kjem framom, men det går ei grense ein stad for kor mange ein kan ta mot. Kjem dei hastande med pulsklokke eller på sykkel kan dei jaga opp kyrne, sa ho til dei om lag 25 frammøtte.

På direkte spørsmål frå ordstyrar om ho framleis er på stølen om fem år, svara Heggom at det kjem an på om beiteområda framleis er der. Og er ikkje stølen der, så er ikkje garden heller meir, sa ho.

For mange brukarar er stølsdrifta er grunnlag for heile gardsdrifta, for dei har ikkje nok fôr heime. Difor er det viktig å ta vare på det vesle me har att, det er livsgrunnlaget for heile bygda, sa ho.

Lokalpolitikar i Vinje, Irja Godal, viste til den store auken i hyttebyggjing dei siste åra, og meinte det no må styring til. Ein må tenkja på at ein framleis skal kunna produsera mat, og ta vare på beiteområda. Nokre stader har det vore slik at nokre grunneigarar har bygd ut til hytter, og så sender turistane sine inn i utmarka til dei grunneigarane som framleis driv med beitedyr.

-Turismen var lenge positiv, men no må me setja grenser, meinte Godal.

Ho understreka elles at det er viktig å ikkje berre ta vare på sjølve beiteområda, men også kunnskapen om å kunna bruka desse. Ho meinte at Unesco-statusen burde fylgjast opp med ei slags fadder-ordning, der folk kunne få vera på gard og støl for å få læra korleis ein driv med beitedyr.

Her kunne Svein Kostveit visa til ordninga «grønt spatak», som Natur og ungdom og Småbrukarlaget har drive i 25 år, som nett tek sikte på å spreia praktisk kunnskap om beitebruk og matproduksjon. Katharina Sparstad kunne leggja til at Norsk seterkultur også legg til rette for praktikantar i seterbruket, som ein del av oppfylgjinga av Unesco-statusen.

Sparstad tok elles opp berekraft-sertifisering som ein del reisemål arbeider for, og spurde Pettersen frå Innovasjon Noreg om det kunne gå inn som eit kriterium for slik sertifisering at eit reisemål tek vare på seterdrifta i området sitt. Det svara han kontant ja på.

Ingvild Oldre Heggom drog fram at ein ikkje berre må sjå på hyttebyggjing og reiseliv når ein ser på korleis det går med setringa, men også på landbrukspolitikken. Ein politikk som ikkje fremjar små og mellomstore gardsbruk fremjar heller ikkje setringa, sa ho.

cross