Eggensetra, Snåsa
Frå overrekking av seterpris til Kathrin Aslaksby i 2025

Søkjer kandidatar til seterprisen 2026

7. jan 2026

Norsk seterkultur deler kvart år ut ein nasjonal seterpris i samband med årsmøtet. Målet med seterprisen er gje ekstra merksemd til folk som gjer ein særleg innsats for seterdrifta, og som skaper blest om stølsdrifta og seterkulturen i vid forstand.

Kandidatane speler publikum inn sjølv. Det er mange som fortener ein slik pris, men meld inn til seter@seterkultur kven du meiner bør ha prisen i 2026. Vi treng også informasjon om kandidaten, og kvifor nettopp han, ho eller hen skal ha prisen i år. Prisen er ei pengegåve på kr 5000, eit fat med inskripsjon og ein plakett

Kriteriar
Seterprisen skal delast ut årleg til ein eller fleire personar som har gjort ein
ekstraordinær innsats for seterdrifta i Norge. Innsatsen kan vera innan:
 Tradisjonell seterdrift
 Mjølkeforedling på setra
 Utvikling av ny næringsverksemd tufta på seterdrifta,
 Forskning og publisering av vitskapleg materiale
 Formidling av stølskulturen.

Tidlegare utdelingar:

Fra 2001-2006 utdelte Norges Vel seterprisen. Dei som har fått denne tidlegare er

2001: Christian Saxlund

2002:Åshild Dale og Jostein Sande

2003: Odveig og Inge Eggen

2004: Midtre Gauldal kommune

2005: Pascal Baudonel

2006: Kari Nedremyr

2017: Hans Brimi og Olav Tangerud, Brimi seter

2018: Budeienettverket i Hallingdal

2019: Stølsysteriet i Undredal

2020: Stiftelsen Inner Gammelsetra i Grøvudalen

2022: Ingebjørg Håvardsrud, Håvardsrudsetra

2023: Erling Tingstad og Hanne Østgard Tingstad, Utstuvollen

2024: Anders Enget og Eystein Opdøl /Lars Håvard Knee(to priser)

2025: Kathrin Aslagsby, Olestølen

Send inn ditt forslag til seter@seterkultur.no innan 15. februar

cross