Viktig bok om gras og haustingskultur

16. mar 2026

I byrjinga av denne månaden kom Siri Helle ut med boka Grasboka på Dreyers forlag. Med utgangpunkt i gras syner ho korleis vi menneska har funne sin plass i naturen og utvikla gasbaserte kulturar gjennom korn og husdyr. Som ho sjølv skriv: Ta vare på graset er å ta vare på livsgrunnlaget vårt. Gras er òg ein del av forteljinga om oss sjølve. Alle ber vi på lukter, lyder og kjensler som vekkjer minnet om gras, frå grønske på kneet til lukta av tørrhøy, fotballbaner eller endelause grassletter. Utan gras, ingen menneske.

    Kor mykje gras finst det eigentleg i verda? Svaret er: utruleg mykje. Ville grasmarker dekker ein tredel av jordas landoverflate, og dei tamde grasartane gjev oss nesten halvparten av maten vi et – frå kveite, havre og ris til mais, sukker og øl. Gras gjev oss mjølk, kjøt, skinn og torvtak, det held oss mette, varme og tørre, bind karbon, bygger biologisk mangfald og limer saman dei komplekse økosystema vi lever i. Men graset er under press. Klimaendringar, jordbruk og folketalsvekst trugar dei ville grasslettene, som berre finst att i ein femdel av sitt tidlegare omfang.

    Grasboka er ei reise inn i denne stille, men livsviktige historia: om korleis graset formar planeten vår, korleis menneske lever med det og kvifor vi aldri kan klare oss utan kvarandre. Å lytte til graset kan vere vegen vidare for samspelet mellom menneska og naturen. 

    Siri Helle (f. 1982) har i fleire år vist eit stort engasjement for bærekraftig matproduksjon basert på lokale ressursar og tradsjonar. Ho er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho er journalist og har fast matspalte i Dag og Tid. Ho debuterte med Handle rett – Lure val i ein matbransje full av juks (2014). Seinare kom Skal landet gro att? Korleis berge norsk jordbruk (2015), Matmakt på butikken (2018), Med berre nevane: eit forsvar for praktisk arbeid (2020) og Trollefossvegen 23 Attende til heimbygda (2023).

    I boka får vi eit dykk inn menneskas historie gjennom gras. Som ho skriv, utan gras, ingen menneskje. Dette er universelt, og med utgangspunkt i graset har det utvilka seg unike og lokalt tilpassa kulturar. Som seterkulturen vi kjenner i Noreg. Siri Helle formidler eit stort og komplekst tema på ein logisk, billetleg og lettfatteleg måte. Boka hører heime i alle heim som er opptakne av korleis vi menneske har tilpassa oss naturen og utvikla vår "økologiske nisje".

    cross