Frå Heimre Hedalstølen i Valdres (bilete: Ingvild Oldre Heggom).

Auke i setertilskotet

12. mai 2026

Det ligg an til auke i tilskot for setring etter at staten har lagt fram tilbodet sitt i jordbruksoppgjeret.

Staten går inn for at minstesatsane for setertilskot skal aukast med 10 000 kroner for setring i fire veker, til 130 000 kroner, og for setring i fire til seks veker med 20 000 kroner til 160 000 kroner. Føremålet er å stimulera til meir seterdrift og bruk av utmarka, skriv staten i tilbodet sitt. Setertilskotet går inn som ein del av Regionalt miljøprogram, som er administrert av kvart fylke. Somme fylke kan ha høgare satsar.

Norsk seterkultur sitt krav var auke til 140 000 og 180 000 kroner.

I 2025 vart det innført eit nytt tilskot til investeringar i setrar med mjølkeproduksjon, med tilskotssum 500 000 for kvar seter. Det vart sett av seks millionar kroner til dette, og staten går no inn for å auka denne summen med to millionar til åtte millionar i 2026. Men for 2027 går staten inn for eit skikkeleg hopp med 10 millionar kroner auke frå i dag til heile 16 millionar til denne investeringsordninga.

Norges bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag har vedteke at tilbodet frå staten er grunnlag for å gå inn i vidare tingingar om oppgjeret. Dette skal vera fullført til 16. mai, og så skal Stortinget vedta oppgjeret i juni. Dei satsane som er nemnde over kan verta endra på gjennom det vidare arbeidet.

cross