

Norsk seterkultur har de seinare åra arrangera seterkurs med Olestølen mikoysteri som driv med mjølkegeit på foredlingskvote. I sumar var det igjen to fullsette kurs på Olestølen. Med hjelp frå Sparebankstiftinga har Norsk seterkultur no også innleia samarbeid med Innergammelsetra i Grøvudalen som driv stølen med mjølkekyr som ei stifting. Dei har arrangera seterkurs i fleire år. Alle kursa har unge som målgruppe, men er opne for eldre om det er ledige plassar.
Stølskursa på Olestølen
Sidan 2021 har Norsk seterkultur arrangera stølskurs i på Olestølen mikroysteri i Øystre Slidre i samarbeid med Valdres Natur- og Kulturpark og budeia på Olestølen. Kursa har vore så populære at vi dei seinare åra har arrangert to stølskurs, eit i juni og eit i august.
Stølskurset er lagt opp som eit praktisk kurs der deltakarane får vere med på det daglege arbeidet, bruke sansane og kjenne på kroppen korleis livet på stølen før og no. Mjølking av geiter i spannanlegg, og all mjølk vert foredla til kvit og brun geitost på tradisjonelt vis i ved-fyra jarngryte. I det praktiske arbeide får deltakaren innblikk i mjølkesyrebakteriane, og kor viktige dei er i foredling av mølkemat, mathandverket og kunnskapen budeiene har bore vidare i generasjonar. Dei får også innblikk i kor viktig utmarka har vore til for mat, sanking, forhausting og brensel i fjellbygdene. Denne haustingskulturen har bidrege til eit auka biologisk mangfald, og deltakarane får også vere med ljåslått og botanisk vandring i kulturlandskapet.
Sjå film frå stølskurset;
Film frå stølskurs på Olestølen 2026. Produsent Lene Hovi/Valdres Natur og Kulturpark
Kursa på Gammelsetra
I 2026 har Norsk seterkultur etablera kurssamarbeid med Innegrgammelsetra i Grøvudalen der dei arrangerer eit kort - og eit vekes kurs.
Her er kort rapport frå sumaren: Sumaren 2026 vart det arrangert to seterkurs på Innergammelsetra; eit kortkurs frå sundag kveld til torsdag morgon og eit langkurs frå sundag kveld til laurdag morgon. På kortkurset var det 4 deltakarar, og 9 deltakarar på langkurset.
Alderen var frå 15 til 70 år, og kom med mange ulike utgangspunkt, alt frå dei som ville ha ein husmorferie som inneheld læring og kulturarv, og folk som har bakgrunn i landbruket og er interessert i foredling og forvaltning av utmarksressursar.
På kortkurset fekk deltakarane innføring i fjøsstell, separering, ysting av brunost, gubbost, skjørost, setting av rømme, koking av prim og rjomegraut og å bake flatbrød. Samt teoribolkar om seterdrift, lokalhistorie og mjølk/foredling. Deltakarane på langkurset var også innom kinning av smør, og var på tur i dalen og såg på historie og botanikk.

Morgonstell på kortkurs i stølsdrift på Inneggammelsetra i Grøvudalen
Kursa var prega av mange fine menneskemøte mellom mange ulike menneske som hadde til felles opplevingane på setra og nyfikenheita kring livet på setra og med dyra. Mellom det fastlagte programmet har deltakarane fått teke del i små og store oppgåve som skal løysast i løpet av ein dag på setra, og saman har vi dykka ned i både kva som gjærast på ei seter og kvifor.
To veker der vi har dykka djupt ned i seterdrift, med både både tekniske og kulturhistoriske aspekt.

Hente dyr heim til kveldsmjølking
Stølskurs 2027
Stølskursa er ein verdifull måte å formidle stølsdrifta til nye generasjonar - og rekruttering utanfor næringa. Vi vil derfor freiste halde fram med kurs også i 2027. Kursa blir annonsera på våre heimesider og på Facebook våren 2027.