Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Seterveilederen er oppdatert med meir nyttig stoff for den som går med planar om restaurering eller nybygg på setra.

Du finn info her

IMG_4516Torsdag 31. oktober kom endeleg lanseringa av boka «Vern og virke» på 370 sider til Else «Sprossa» Rønnevig. Boka byggjer på erfaringane knytte til restaureringa av eit sel på Kinnholt i Vestre Slidre i Valdres. Om lag 25 personar var spesielt invitere til å over vera «seansen».

Bygningsvernrdågjevaren Odd Arne Rudi frå Valdresmusea opna kvelden med ei oppsummering av samarbeidet med Else. Mykje av restaureringsarbeidet er gjort på dugnad eller kurs i samarbeid med både Verne Vøla, Valdres- Natur- og Kulturpark og ikkje minst Valdresmusea. Det kan ligge mykje kjærleik til eit hus i forfall, men heldigvis fekk dette vesle huset på Kinnolt ei ekstra sjanse.

Ordførar i Vestre Slidre, Lars Kvissel, retta også ein stor takk til Else som gjennom både arbeidet og boka har lært oss mykje om både bygningsvern, pågangsmot og «stå-på-vilje». Samstundes er selet på kinnholt ein del av noko større, ein heil stølskultur, og dette har Else dekke godt i boka si.

Etter desse var det det Else sin tur til å fortelje om prosessen og arbeidet med boka, og ho tok for seg ein etter ein i salen og gav alle ein ekstra honnør for bidraget. Mange har vore med og mura, snekra eller sett opp gjerde kring stølsvollen, og har på den måten lagt ned litt av seg sjølv på staden.

IMG_9247

Katharina Sparstad frå Valdres Natur- og Kulturpark og Norsk seterkultur understreka at dette arbeidet er viktig dokumentasjon for andre som vil setje i gang liknande arbeid.

Det er ikkje til å komme bort i frå at denne boka er eit «must» for alle som er interessert i bygningsvern – og heile konteksten knytt til denne.  Her finn du mykje nyttig dokumentasjon, mange gode råd og faglege innspel får ulike forfattarar. Og ikkje minst, veldig mange vakre bilete!

Les meir om boka her: http://www.seterkultur.no/?p=956

cross