Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Påstanden blir reist av landbruksorganisasjonane i Valdres (Valdres landbruksforum) i det vi inviterer til landbrukskonferanse 18.februar, på Valdres vidaregåande skule.   Konferansen vil setje fokus på eigne ressursar og syne samanhengen med natur, verdiskaping og næringsutvikling. Berekraft for framtida blir fundamentet for samhandling mellom ulike næringar.

Ei rekkje engasjerte innleiarar vil analysere framtida for fjell- landbruket og fortelje kvifor vi skal satse, og utvikle oss saman for ei berekraftig framtid. Frå politisk hald vil du møte stortingsrepresentantane Ivar Odnes, Stine Renate Håheim og Morten Ørsal Johansen. Lokalpolitisk møter du regionleiar Inger Torun Klosbøle. Frå fagleg hald vil du møte Arne Lofthus, Brita Skallerud, Sidsel Røhnebæk, Helga Torvik Ulven, Gustav  Fystro, Asgeir Føllesdal Svendsen og Oddbjørn Kval-Engstad. (mer…)

Blir setersmør vår neste nasjonale matskatt? er tittelen på aktuell sak på matmerk.no. - Norsk seterkultur har som kjent lagt ned ein stor innsats for å få godkjent setersmør beskytta som smør med tradisjonelt særpreg. (mer…)

cross