Herdalsetra
Fra Herdalsetra
Stolt som en hane. Foto: Alfred Nilsen

Då organisasjonen Norsk seterkultur starta i 1999 var motivasjonen naudsynt idealisme. Vi har ikkje tal på kor mange gratis arbeidstimer som er lagt ned i organisasjonen, men det er ikkje få! No er det på høg tid å feire oss sjølv og det vi har lagt ned av timer og engasjement!

(mer…)

Norsk seterkultur har dei seinare åra hatt ei fagsamling saman med årsmøtet. I år blir dette eit 20-årsjubileum med besøk på stølsysteri, film og biletutstilling, omvising på skulen, paneldebatt og ikkje minst festmiddag og utdeling av seterprisen.

Arbeidet med etableringa starta med eit forprosjekt i 1991. Statens Landbruksbank gjekk så inn med støtte til eit toårig prosjekt for endeleg etablering i 1999. Arbeidet starta på Vestlandet, så det passar bra å feire 20-årskjubileet i Sogn saman med eit av dei mest aktive setermiljøa i Noreg, seier grunnleggar Jostein Sande. Sjølve skipinga skjedde på Klones landbruksskule i Vågå som no er nedlagt.

(mer…)
cross