Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Aslak Brimi er ein musikar som liker å utforske nye formidlingsvegar. Nå i oktober er han klar for lansering av eit heilt nytt prosjekt som bruker fleire kulturflater: Den varme og sjarmerande forteljinga om huldra Hildur, både som bok, lydbok og barneplate. Dette er eit originalt prosjekt der han - etter den kritikarroste utgjevinga «Bergtatt» frå 2019 - igjen samarbeider med songaren Mari Midtli. Prisvinnande Brimi og Midtli er begge kjente for si engasjerte og trygge formidling av folkemusikk og -song. I dette nye og spennande prosjektet syng og spelar dei for barn og unge, og formidler glede over fjellet og seterkultur.

Brimi har her gått heilt nye vegar og skrive både bok og musikk med inspirasjon frå fjellet, seterliv og hyljarliv. Det er ei varm lita forteljing om møtet mellom den vesle jenta Kari og den litt mystiske Hildur. Det blir magi og musikk på setra! Den fengslande vokalen til Mari Midtli tek oss med inn i det eventyret ein sommar på setra kan vere. I september kom fyrst prologen i boka som ein singel, visa «Kom til fjells», og nå den 16.oktober kjem boka, heile albumet, og lydbok med musikk.

(mer…)
cross