Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Norsk seterkultur har fått kr 700000,- av Innlandet fylkeskommune til arbeidet for å få seterkulturen på UNESCO si liste for immateriell kulturarv. Norsk seterkultur er no klare til å fortsette arbeidet

Frå Utistuvollen - seter i Vingelen

«Årets beste julegave!" jubler dagleg leiar i Norsk Seterkultur, Katharina Sparstad. "Arbeidet er viktig, og mange har gitt utrykk for dei støtter arbeidet.  Særs gledelig er det at det viktigaste seterfylket, Innlandet, viser sin støtte med eit bidrag på kr 700000,-. Dette er ein full aksept for arbeidet, og betyr at vi no kan fortsette arbeidet for fullt», seier ein nøgd dagleg leiar. Andre fylker som har gitt støtte til arbeidet er Vestfold og Telemark fylkeskommune og Fylkesmannen i Trøndelag som begge har bidrege med kr 200000,-.

Etter årsmøtevedtak starta Norsk Seterkultur starta i 2018 starta prosessen med å få seterkulturen på UNESCO si liste for immateriell kulturarv. Arbeide starta med eit forstudium med god støtte frå Valdres Natur- og Kulturpark. Sidan gjekk arbeidet vidare i eit forprosjekt med Anne Katrine Brun Norbye som prosjektleiar. I forprosjektet vart det utarbeida plan for det vidare arbeidet, arbeida med forankring og oppretta kontakt med fleire viktige samarbeidspartar.

 «Det har vore viktig å forankre arbeidet i alle fylkeskommunar med seterdrift. Akkurat i 2020 var dette ei utfordring. Året starta med innkøyring av fleire nye fylker, omlegging av stønadsordningar – og så Covid-19. Samstundes hadde vi eit årsmøtevedtak i 2020 om at arbeidet skulle vente til finansieringa var på plass» fortel Sparstad

Pengane skal brukast til å involvere og forankre arbeidet i på ulike sektor – og forvaltningsnivå, kartlegge drift og aktiviteter på setrene, gjennomføre samlingar og aktivitetar, dokumentasjon og vurdere utviklingsområde. Arbeidet i hovudprosjektet blir leia av Rådhuset Vingelen.

Dette er ein god start, men arbeidet er enno ikkje fullfinansiert. Arbeidet med å skaffe midlar held derfor fram til alt er på plass.

Det er ein lang og omfattande prosess for å søke listeføring i UNESCO, og arbeidet har arbeidsfrist 2024. Meir informasjon finn du på seterkultur.no/UNESCO

Hvis smittehensyn tillater det vil vi gjennomføre en tredelt samling i forbindelse med årsmøtet. Vi starter med kinnekurs fredag kveld/lørdag morgen. Kinnekurset holde av Bitten Brennhovd og Pascal Baudonel er åpent for alle. Lørdagen fortsetter med fagsamling. Selve årsmøtet holdes søndag. Maks antall med tanke på smittehensyn er 50, så førstemann til mølla!

Foto: Ida Østvold

DERSOM VI MÅ AVLYSE PGA SMITTEVERNTILTAK vil kinnekurs og fagsamling utsettes til høsten. Årsmøtet avholdes søndag 28.02.20 på Teams.

Påmeldingsfrist er 15. januar

Foreløpig program

Du kan nå melde deg på her

Frå utdelinga av seterprisen til Budeienettverket i Hallingdal i 2018

Seterprisen er ei god oppmuntring til seterbrukarar som har stått på for å fremje seterkulturen. Som vanleg skal prisen delast ut i samband med fagsamling og årsmøte som i år skal være 25.-28. februar i Bø i Telemark (med atterhald om avlysing). Formålet med prisen er at den skal vera ei påskjønning til eldsjeler som har gjort ein stor innsats for å setja seterdrifta i fokus. Prisen vil dermed vera med å skape blest på ein positiv måte, og bidra til å sikre eksistens og vidareutvikling av seterdrifta.

Kriteriar

Seterprisen skal delast ut årleg til ein eller fleire personar som har gjort ein ekstraordinær innsats for seterdrifta i Norge. Innsatsen kan vera innan:

Utlysing og forslag på kandidater

Prisen blir lyst ut i Seterbrukaren sitt desembernummer, på nettet og gjennom aviser og andre medier. Ein jury på tre, med representantar frå Norsk seterkultur, Norges Bygdekvinnelag og Tine, avgjer kven som får prisen. Frist for innsending av forslag på kandidater til Seterprisen 2021 er 1. februar og kan sendast til sivbeate@me.com eller seter@seterkultur.no 

cross