Herdalsetra
Fra Herdalsetra

Alt klart for årsmøte og fagseminar med Norsk Gardsost og Norsk seterkultur 8. - 9. april

9. feb 2016

z_kvitostNorsk seterkultur og Norsk Gardsost arrangerer i år ei felles fagseminar på Dombås fredag 8. april i samband med årsmøta 9. april. Dei to organisasjonane vil i år sette søkelyset på «det kvite gull» og konkurransekraft. På fagseminaret kjem mellom anna forfattar og kjendiskokk Andreas Viestad som har engasjert seg spesielt i norsk matkultur i det nye nordiske kjøkken. I denne samanheng spelar mjølk og mjølkestell ei sentral rolle.

«Det kvite gullet er ein fantastisk ressurs. Eg vil påstå det finst like mange nyansar i mjølk som i vin alt etter kva dyra et, årstid, kor lenge sidan kua kalva og kva rase dei er», seier sekretær i Norsk seterkultur, Katharina Sparstad som sjølv ofte drikk mjølk frå eigne kyr i vinglass for å kjenne smaken betre. Kathrin Hofmann Aslaksby frå Norsk Gardsost er einig. «Mjølkeråstoffet har alt å seie for å få til dei gode ostane. Vi har langt i frå henta ut alle moglegheiter som ligg i mjølka som råvare. Å kjenne skilnad på smaker krev litt øving, på same måte for mjølk som med vin» smilar ho.

Mange av medlemmane  i dei to organisasjonane har registrert at stadig fleir er opptekne av kvalitet, dyrevelferd og korleis maten er produsert. Sjølv om kvaliteten på Norsk mjølk er i verdsklasse, veit vi også at mjølk frå beitekyr har særlege kvalitetar. «Nesten alle medlemmane i Norsk Gardsost og Norsk seterkultur er også TINE-leverandørar. Vi er derfor særs nøgde med at vi har fått med oss fag- og systemsjef i TINE Rådgiving innan  drøvtyggerfysiologi og ernæring,  Harald Volden. Fòring har klar samanheng med mjølkekvaliteten, og TINE som marknadsregulator har ei viktig oppgåve i styrke konkurransekrafta i Norsk mjølkeproduksjon» seier leiar i Norsk seterkultur, Hans Bondal som er glad for samarbeidet med Norsk Gardsost.

«Særleg heldige er at vi også har fått med leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Merete Furuberget på samlinga. Ho skal seie noko om seterdriftas betyding for det norske landbruket» avsluttar han.

«Dette blir spanande, vi gler oss skikkelig til samlinga» seier sekretærane Norsk Gardost og Norsk seterkultur, Kathrin Hofmann Aslaksby og Katharina Sparstad som også minner om påmeldingsfristen 18. mars.

Her kan du  laste ned påmeldingskjema I word eller påmeldingskjema i pdf, brosjyre fagsamling, årsmelding og årsmøtesaker. Dersom du ynkjer å få tilsendt påmeldingskjema eller meir informasjon, send e-post til ks@valdres.no.

Om du ikkje får lasta ned sjema ser du det her:

 

påmeldingssjema billedfil

 

cross